tirsdag 21. april 2026

Åtte timars køyring frå CBBA gjennom dei flotte fjella og dalane i Andes-fjella har ført oss til La Paz no i ettermiddag. Siste fengselet vart unnagjort i går tidleg, så gudstenesete i menigheten her i CBBA, silpancho til lunsj og litt fred og ro før vi avslutta kvelden i Sona Sur, der Severo Caracara Condori har ei forsamling. Dei held på med nytt lokale, veggene var reist i murstein. Stjernehimmelen var det einaste taket som var å sjå og golvet var berre grus. Då vi kom hadde ikkje Severo kome seg ut av arbeidskleda endå etter å ha lempa på grus slik at golvet skulle bli nokolunde flatt. Eg var første predikanten som har forkynt i det lokalet ettersom det var første gongen dei tek det i bruk. Første eller femte betyr ingenting for min del, men det viser hjartelaget og takksemda deira, når dei strevar så hardt for å få mest mogeleg klart til besøk frå Norge. Dette er tredje året vi besøkjer forsamlinga, men Severo har vi kjent i mange år.

Men det var i går. No er vi i La Paz. Denne første kvelden møtte vi ein stor familie. Menigheten her i La Paz har ikkje økonomi til å verken eiga eller leiga eit lokale til å samlingar i. Pastor Edson Ramirez har flytta til eit rolegare  område i byen, Der samlar han unge folk rundt seg for disippeltrening. Det er ein hus med grei storleik, men med veldig låg standard. Men i dag møtte vi storfamilien til Marta, kona til Edson. Marta vaks opp i ein familie som har eit ganske stort hus.  Det var her vi hadde samling i kveld. Heile familien er frelst.den siste som tok imot Jesus var den eldste av dei alle. Han er no heime hjå Herren.


Alle halvsøstrene hennar og deira ektefeller og barn, var samla. Vi hadde ei god stund saman der heile teamet hadde gode samtalar rundt Guds ord. Tema var "korleis unge kan tena Gud". Ein av gutane, Mateo, var 18 år. Då han var liten hadde han blodkreft og låg på sjukehuset si intensivavdeling. David Larson og eg var å bad for han på sjukehuset den gongen for mange år sidan. Sidan den gongen har ikkje eg sett han, før i dag. No er han som attenåring Cochabambameister i sjakk. Gud greip inn og gjorde eit under den gongen for lenge sidan. Eg må innrømma at eg ikkje hugsa at vi bad for han den gongen, før vitnesbyrdet blei fortalt i dag. 

I heimen var det også ein eldre kar som budde. Han var 70 og hadde ein lungesjukdom som gjer at lungene ikkje tek opp oksygen. Han hadde ikkje tatt eit skikkeleg stadpunkt for Jesus før, men det gav Gud han nåde til idag. Så bad vi får han i tru på at Gud har snudd situasjonen og gjort han frisk. 

Då vi kom inn til dei andre, stod heile teamet der og bad for dei unge i familien, og på fortauet utanfor etterpå, vart bibelskuleelevane våre bedt for at eine paret i familien. Det er dette som er menighet. Dei er litt lei seg i La Paz fordi dei ikkje greier å ha menighetslokale. Men kvelden i kveld, var eit strålande døme på menighet og menighetsliv. Og det fekk eg forklart dei. 


Vi ber for mange sjuke kvar dag. Men språkproblema gjer at det er vanskeleg å vita kva som har skjedd med dei. Ofte kjem vitnemåla i etterkant og kanskje ikkje før året etter. Når dei fleste i ei forsamling berre snakkar quechua, er det ikkje så lett å få greie på kvar dei har vondt, kva som feilar dei eller om dei kjenner forskjell. Men vi ser at Gud møter dei med si kraft. Så får vi slå oss til tol med det enn så lenge. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Åtte timars køyring frå CBBA gjennom dei flotte fjella og dalane i Andes-fjella har ført oss til La Paz no i ettermiddag. Siste fengselet va...