torsdag 9. april 2026

Første dagen vår i CBB

 Det tok oss godt over to timar å koma gjennom passkontroll og migrasjonsprosessen då vi landa klokka 02:40 i Cochabamba onsdag morgon. Kapasiteten på Jorge Vilsterman Aeropuerto er ikkje så stor for internasjonale flymottak. Men turen gjekk veldig bra, den raskaste til no (26 timar) takka vere godt tilpassa reiseruter til Madrid og BoA si direkterute til Cochabamba på tirsdagar. 

Første dagen var ein roleg dag. Teamet fekk bli kjend med David og Violeta, før ho reiste tilbake til USA på kvelden. Vi fekk veksla pengar og gått gjennom programmet for heile perioden, vore ein tur på HyperMaxi og handla inn matvarer for dei neste dagane. På kvelden var det bønnesamling i forsamlingslokalet og Benjamin delte litt frå Guds ord om bønn. Veldig bra. Dei komande dagane blir det fleire anledningar for teamet til å forkynna ordet.

Midt på dagen fekk eg ei god stund med David, der vi fekk snakka gjennom ulike situasjonar i menigheten og kva som er å ta tak i der. 

I skrivande stund er det tidleg morgon. Eg skal ut å gå ein bønnetur i nabolaget her før eg ringjer heim og har frukost saman med dei andre klokka 08:00. Etterpå reiser vi til Primero de Mayo for å besøkja Alejandro og familien hans. Det er ein køyretur på omlag ein time kvar veg. Eg gler meg til å treffa dei. Han sit framleis i rullestol. Vi har bedt for han kvar gong vi har vore der. Det skal vi gjera også i dag. Eg tek med meg ordet som Arne kom med på Påskefesten: "Ein gong til". Andre profetiske ord til oss har også skapt forventningar til Gud. Ingenting er for vanskeleg for Han.

I kveld har vi mannsmøte og det blir endå ein god anledning for våre to unge menn på teamet til å dela frå Guds ord. 

Teamet og eg er ved godt mot. Vi har det alle bra. Alle er friske. Berre den første to-dagars prosessen med høgdetilvenning gjer at nokre av oss er litt tunge i hovudet. Men etter lunsj idag skal det vera over, om det går som det pleier.


Vi er takksame for forbønn og spesielt om visdom til å handtera alt på rett måte. Vi treng Guds salving til alt. 

                                             Benjamin deler Ordet på bønnesamling i menigheten.

1 kommentar:

  1. Godt å høre at dåke er på plass! Hels masse til Alejandro🙏 Vi har bedt for dåke på felles bønn på Tremor i dag🙏😊

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...