fredag 10. april 2026

Klar i tide og i utide

 


I går kveld hadde vi samling for menn i forsamlinga her i Cochabamba. Adrian og Benjamin delte på forkynninga. Den var veldig god og veldig viktig for det som skjer her. Eg er stolt over dei, at dei høyrer frå Gud og greier å presentera ein viktig bodskap inn i ein, for dei, ukjend kultur. 

På alle samlingar vi har, kjem det folk som vil ha forbøn. Eg traff ein mann på bønnesamlinga for to dagar sidan, med ei stiv skulder som gjorde at han ikkje greidde å bevega armen bakover og lite framover. DÅ vi hadde bedt var han, var han mykje betre. Så traff eg han igjen i går. Då var han heilt fin. Det er også mange andre vi har vedt for.

I føremiddag skulle vi både til torget for å handla og opp til Kristus-statua på fjellet her like ved. Det er tid til littt turisme innimellom. Statua (El Cristo) var første stopp, endå det ikkje var planen. David skifta meining fordi han tenkte på kor sterk sola blir der oppe utover dagen. Då vi kom opp la eg merke til at det var mykje skuleelevar der. Det såg ut som om heile skuleklassane var på tur. Alle har skuleuniform, så det er enkelt å sjå. Då eg såg dei fekk eg flash-back til alle skulebesøka vi hadde for mange år sidan, før det vart forbode. No er den politiske situasjonen endra, så det er ingen lærer som for sparken lenger om dei let oss få dela evangeliet med elevane. 

Eg tenkte at det måtte vera veldig bra om vi hadde fått delt evangeliet om Jesus med dei, så eg nemnde dette for David. "For ein god idé", sa han. Så han tok kontakt med lærarane som følgde klassane og dei nikka og smilte og gav grønt lys. Dei ropte på barna og samla dei inn under eit tak som var det med ein steinmur som bakvekk. Der var lyden god og det var lett å snakka og lett å bli høyrd. Dei skulle straks til å gå tilbake til skulen, så vi hadde ikkje mange minuttane på oss. Eg presenterte teamet i full fart og delte evangeliet om Jesus med dei så grundig som det let seg gjera på kort tid. Mange av dei falda hendene då vi bad, andre stod med opne hender som dei strekte fram for å ta imot. Andre lukka augene. Felles for dei alle var at dei tok imot Jesus med opne hjarte og gav livet sitt til han. 

Ingenting av dette stod på planen, men fordi David fekk den tanken at vi skulle gå til El Cristo først, og fordi eg fekk mine flash-backs, fekk vi denne gudgitte anledninga og erfaringa og eit 40-tals unge menneske fekk eit møte med Jesus. (og kanskje nokre foreldre og lærarar også)

No i ettermiddag skal vi pakka og merka klær som vi skal ha med til landsbyar seinare i perioden. I kveld er det ungdomsmøte i menigheten. Adrian skal forkynna ordet der. 

Takk for forbønn.

1 kommentar:

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...