lørdag 18. april 2026

Roleg start på ein god dag


I går kveld var ungdomane  ute for seg sjølv, saman med Marchelo og blant anna besøkte Vannparken her i byen.  Det er ei flott oppleving. Eg var på to møter med leiarane samtidig. Det vart ein sein kveld. Eine samlinga gjekk på å starta oppatt bibelskulen saman med folk frå andre forsamlingar, folk som vi har arbeida saman med i mange år. Det andre møtet var pastorsamling for La Palabra de Fe. Det vart ein sein kveld. Men eg kom meg opp tidleg og fekk gåttt turen min i parken. I dag gjekk eg heile runden med alle stikkvegar.

Føremiddagen hadde ingen spesielle ting på programmet i dag. Dermed vart det anledning til gode pratar og førebuing til det som ligg framfor. Elevane har stadig oppdrag med å dela Guds ord på ulike samlingar og treffpunkt. Og dei gjer ein veldig god jobb. Eg er stolt av dei og ser at dei tek oppgavene på alvor. Det har vore seine kveldar og relativt mange oppgaver som følgjer tett på kvarandre. At dei er litt trøytte etterkvart, er ikkje så vanskeleg å forstå. Men ingen klagar. Vi nytta noko av tida idag til lovsang og bønn i heimen her vi bur. Vi er så heldige at vi har eit lite El-piano og ein gitar til disposisjon. Pianoet har vore utan sustainpedal heilt til i går, så no er det berre velstand.

I ettermiddag var vi på ein barneheim for barn som har foreldre bak fengselsmurane. Vi gav dei nye flipp-flopp skor, og pengar til skulemateriell. Tre store panner til å koka mat i, fekk kokka på kjøkkenet til å smila frå øyra til øyra. Det vi hadde med, stod veldig høgt på lista over nødvendige ting. Barna var frå 8 til 18 år. Eg vart imponert over kor disiplinerte dei var og kor konsentrerte dei tok imot undervisninga frå alle dei fire elevane våre på teamet. Dei hadde 10 minuttar kvar med undervisning frå Guds ord. To ting var hovudtema: Det å vera ærleg og det å vera lydig. Dei yngste gutane  er underærnærte på fellesskap med vaksne menn som kan leika med dei. Og dei minste jentene er underærnærte på nærleik og omsorg frå fedre. Det er fleire sider ved dette som gjer at vi blir redde for korleis det skal gå med dei, for mange er dei som både vil og kan utnytta dei. Men damene som driv barneheimen gjer ein fantastisk jobb. Det viser seg i tryggleiken, gleda, oppførselen og at dei er så takksame, utadvendte og påkopla det som skjer. 

Vi har vore på nokre barneheimar opp gjennom åra. Eit minne som dukka opp i dag, var frå sist vi var på eit liknande besøk. Da traff vi ei fem år gamal jente som var heilt overtydd om at eg var Santa (julenissen).

Etter barneheimen besøkte vi eit eldre ektepar. Ho var 78 og han var 85 år gamal. Det var kjekt å stilla han spørsmål og han fortalde ivrig frå livet sitt som arbeidar i eit gruveselskap. At vi viste interesse for han slik vi gjorde, tennte gnisten i han. Han er ikkje med på samlingar i menigheten for han meiner at Gud også er med han heime. Der er nok eitt og anna han treng openberring om endå. Kona hans, derimot, let aldri ei samling gå frå seg. Kvar gong vi er her, kjem ho med heimelaga syltetøy og bakverk til oss. Det var ein herleg kveld med eit flott ektepar. Litt over klokka åtte reiste vi vidare til endå eitt besøk. Gabo og Becky tok imot oss. Det vart ei fin avslutning på ein god dag. Trøytte men oppmuntra har vi tumla inn dørane her i El Bosque litt før elleve. 

I morgon blir det nok ei ny erfaring. Eg og Thomas og David skal intervjuast på ein radiostasjon som politiet har og driv. "Politiradioen" som det blir kalla. Eg anar foreløpig ingenting om korleis dette kjem til å utarta seg. På eine sida tenkjer eg at: "Det er no allslags greier ein skal koma bort i." På andre sida kan det jo bli ein anledning til å dela evangeliet på radioen. Politiradion attpå til. Litt spesielt syns eg det er. Men, men, det får berre føya seg inn i ei lang rekkje av erfaringar som er altfor sprøe til at vi kunne ha kome på dei sjølv.

1 kommentar:

  1. Takk for inspirerende oppdatering Norleif!🙏😃😃

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...