torsdag 23. april 2026

Tiwanaku og to møter i La Paz

Tiwanaku ligg to timars køyring frå La Paz, oppe på høgslettene. Det landsbyen er kjent for er sjølvsagt tempelruinane og utgravingane frå den lange tidsepoken som tiwanakufolket hadde deå dei budde her. Utgravingane av fleire tempelruiar blir antatt å vera frå 300 - 500 før Kristus og til rundt år 1000 e.Kr. Kva som gjorde at dette erobrande folket forsvann er det ingen som veit. Soltilbedelsen og offringane til himmelhæren stod sentralt. Somme meiner dei gjekk under i ein pest, men det er ingen som veit. Armayafolket hadde  etterpå ein kort periode i dette store området, før Inkafolket tok over. 

Det er interessant at det er ulike tolkningar av Viracocha-guden, som guiden fortel oss er sola. I Don Richardsen si bok "Forberedt for evigheten" er Viracocha det urgamle folket si forståing av Den høgste Gud, som var opphøgd over alt det skapte og som også hadde skapt sola. Men desse betraktningane må vi ta opp ein annan gong.

Tilbake i La Paz, var vi i menigheten som svigersonen til Edson driv saman med kona si. Det er ei ny forsamling. Først var vi med på ei ungdomssaming, som teamet frå bibelskulen tok på strak arm. Etterpå var det samling med vaksne også. Teamet tok lovsangen og Adrian forkynnte ut frå vitnesbyrdet sitt. Det var ei sterk forkynning som gjorde at mange kom fram då vi inviterte til forbønn. Også dette vart gjort på strak arm, fordi vi ikkje hadde fått noko detaljert skildring av kva vi skulle gjera eller ikkje gjera. 

Ungdomane vi har med, har ikkje ein gong under turen sagt nei til noko dei har blitt sourt om å ta ansvar for. Viljen er stor og salvinga berører folk. Sjølvsagt er det ikkje optimalt å ikkje få tid til å førebu seg. Men det er Guds gode trening og det fungerer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tiwanaku og to møter i La Paz

Tiwanaku ligg to timars køyring frå La Paz, oppe på høgslettene. Det landsbyen er kjent for er sjølvsagt tempelruinane og utgravingane frå d...