I går (søndag) var det barnas dag i Bolivia. Her i Cochabamba var det stor barnefest i menigheten, men eg og teamet reiste til Punata saman med David. Det var ein fantastisk dag for både oss og dei. Flokken i Punata er ein flokk med stor tru og mykje liv. Familien til pastor Crispin tener Gud saman på ein fantastisk måte. To av barna hans er med i lovsangen. Fanny, som er den eldste, leiar lovsangen og orkesteret og får dei til å fungera saman med fantastisk kvalitet.
Dei har ikkje lenger lokalet sitt, dei heller, så møtet var i underetasjen på eit hus med enkle mursteinsvegger og likna meir på ein grovbygd garasje. Men lyden der var mykje betre enn i det gamle og langt finare lokalet. Eg oppmuntra dei med å sei at vi ikkje hadde vårt eige lokale vi heller. Lokale eller ikkje lokale; litt av bodskapen til dei var at det er vi som er menigheten og at vi ikkje har hinder for å leva ut det nye livet i kjærleik og nåde. Vi hadde ei veldig god stund saman. Etterpå serverte dei oss salteñas til lunsj. Vi tok med oss familien til Crispin til ein plass som ligg langs vegen tilbake til Cochabamba. Dei kallar det Edens Hage. Der åt vi og hadde fellesskap før vi drog vidare til neste møte. Ungdomane til Crispin og teamet vårt hadde ein kjempedag saman der med ulike aktivitetar det er lagt til rette for der.
Planen var at vi skulle vidare til Colomi, men vi hadde ikkje funne kontaktane der, så det var liten vits i å reisa opp dit. I staden ringde vi til ein tidlegare bekjent, Pastor David Gonza, som vi har besøkt tidlegare. Han er ein stillfaren og veldig beskjeden mann, ein av dei mest introverte eg har møtt, men ein mann med enorm tru og overgivelse til kallet sitt. Han arbeider i det store og stadig veksande området av Cochabamba som vi kallar Sona Sur. Visjonen hans er å arbeida med barn og unge, og gjennom dei når han foreldra. Området er stort så dei har fleire plassar dei samlast. Akkurat no har han og kona 450 barn i sitt arbeid. Vi var først innom i lokalet vi har vore i før, for fleire år sidan, og møtte nokre av ungdomane der. Etterpå drog vi vidare til det store trusprosjektet hans når det kjem til bygg. På toppen av området, med utsikt over heile dalen, har dei det nye menighetsbygget. Det er ikkje ferdig, men dei har tatt det i bruk. Her hadde vi møte på kvelden, og eit langt ettermøte med forbønn for sjuke. Ein ung mann tok imot Jesus og Guds ande kom over folk då vi bad for dei. På grunn av språket var det vanskeleg å få tilbakemelding frå dei om kva Gud hadde gjort, men vi reknar med at desse kjem seinare i veka.
I dag (mandag) har vi ein litt roleg morgon, mens vi i ettermiddag og kveld har ulike ting på programmet, mellom anna skal vi møta pastorane som arbeider i fengslet og ha ei samling med politiet. Eg har fått lite informasjon om dette, men vi har blitt vane med å oppdaga etterkvart og ta ting som dei kjem.


Takk for oppmuntrende oppdatering Norleif! Gud velsigne dåke!🙏😃
SvarSlett