mandag 16. november 2020

Kunsten å forkynna evangeliet.

Som lærar på Bergen Bibelskole er eg ein av dei som har som oppgave å hjelpa studentane våre til å forstå evangeliet og bli gode i å dela det vidare med andre. Dei to første dagane førre veke var vi på Gullbotn Konferansesenter / Leirstad. Første dagen gjekk med til å arbeida med måten å forkynna evangeliet på og praktisera dette for kvarandre. 

Det var veldig interresant å høyra på alle dei som frimodig stor framfor resten av klassen og la ut det gode bodskapen. Dette var første runde med praktisering. Likevel var det som blei framført veldig bra og eit veldig godt utgangspunkt å arbeida vidare med.  

Eg blir så oppmuntra når eg ser unge som er rikt utrusta med gaver til å formidla og ikkje minst evne til å ta vare på heilskapen i evangeliet, forstå samanhengane og ha frimod til å gjera eit radikalt evangelium tilgjengeleg utan å berre klø folk i øyra. Det er noko av dette vi arbeider med. 

Øving gjer meister, seier eit kjend ordtak. Eg trur dette er ein nøkkel også når det kjem til å formidla evangeliet om Jesus. Det er alltid ein fare for å gå seg inn i spor og ikkje greia å lausriva seg frå eigne mønster. Men om vi kan unngå dette, så trur eg trening, praktisering og erfaring, gjer at vi kan slappa meir av i forholdet til oss sjølve, og dermed kjenna oss friare til å ha fokus på dei menneska vi pratar med. Når vi i tillegg har god kjennskap til den gode bodskapen frå Gud og skjønar korleis eit menneske kan få del i frelsa, kan vi hjelpa mange til eit nytt liv i Jesus Kristus. 

Eg trur at det i kristen samanheng er altfor lite fokus på denne heilt nødvendige treninga, men det kan vi gjera noko med. Gud har gitt oss del i tenesta med å forsona menneske med seg. I dette ligg det ei kvalifisering som vi berre må hjelpa kvarandre til å kjenna oss fire i. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tilbake til Cochabamba og nye oppgaver

Litt over 11:30 landa vi i CBBA igjen etter ein halvtimes flytur og frukost på flyplassen i El Alto (La Paz) Marchelo var igjen i El Alto, d...