Dei siste åra har vi hatt mange utanlandske arbeidarar i Norge frå Polen, Romania og andre aust-europeiske land. Som ein flittig brukar av den lokale gjenvinningsstasjonen der eg bur, har eg lagt merke til korleis folk frå mange av desse landa ser verdien i ting som nordmenn kastar. Velstanden har gjort oss sløve og likegyldige. Bruk-og-kast-mentaliteten har teke overhand. Men ikkje verre enn at mange leverer til Fretex og andre gjenbruksbutikkar. Og på gjenvinningsstasjonen er det eit rom der ein kan setja frå seg ting ein syns er for gode til å kasta. Alt i dette rommet vert til fri avhenting for dei som ser mon i det. Det er det mange som gjer, spesielt frå land utanfor Norge.
Å forvalta verdiar er eit stort ansvar. I velstandssamfunnet heiter det at "tid er pengar". Verdien av ting blir målt opp mot kor mykje tid ein skal bruka på å frigjera verdien av dei i kroner og øre. Når ein i utgangspunktet har rikeleg av pengar, finn ein ofte ikkje bryet verdt å bruka tid på å løysa verdien inn, difor kastar vi like godt "skrotet" i søppeldunken.
La meg ta eit døme: Eg fann i garasjen min ein elektrisk motor med reduksjonsgir. Der har den lagt i nesten 10 år, utan å koma til nytte. Eg ville gjerne selja denne på finn.no og meinte at det burde la seg gjera å få 1000 kroner for den. Den låg ute i 60 dagar utan napp. Eg sette prisen ned til 800 og la den ut i nye 60 dagar - også utan napp.
Å laga ei annonse tek kanskje bort imot ein halv time. Ein skal ta bilete og lasta opp bilete, finna spesifikasjonane på vara og skriva desse inn etc. Blir det salg, må ein finna emballasje og pakka den på forsvarleg vis, senda med posten og avtala med kunden om betaling. Alt tek litt tid og litt fokus. Er desse 800 kronene så viktig for meg at eg tek bryderiet? Er det verdt det?
Det spørsmålet hadde aldri blitt stilt av ein fattig mann som ser barna sine døy av svolt.
Ingen kan eta ein elektrisk motor med reduksjonsgir, men verdien av den kan omsetjast til livberging, ikkje berre for kroppen, men den kan gje nytt liv til heile mennesket.
To gonger 60 dagar på finn.no utan napp. Verdien av mange andre ting har i mellomtida blitt frigjort og sendt. Arbeidarar har bore fram mat og anna hjelp, biblar og Godt Nytt om ein Gud som ser og bryr seg og svarar på rop. Utan desse arbeidarane på feltet, hadde ein motor med reduksjonsgir berre ein motor med reduksjonsgir.
Så eg la den ut for nye 60 dagar.
Femtiseks av dei gjekk før det ringte ein mann frå Trondheim som bytta til seg ein motor med reduksjonsgir mot mat til fleire familiar og svar på bønner og bod om frelse og nytt håp for framtida og mykje anna. Det fins eit håp for alt.
(Eg legg ut dette innlegget i håp om å kunna inspirera andre til å bruka kreativiteten sin til å forvalta verdiar og omsetja dei til såkorn som ber rik frukt. Velsigninga av dette er stor. Og så er det berre å ta kontakt for dei som ikkje veit kor dei skal plassera dei fornuftig slik at ingenting forsvinn til andre føremål enn det det er gitt til).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar