lørdag 6. februar 2021

Eit profetisk folk

Hebrearbrevet er eit brev eg les regelmessig og ganske ofte. Dei som kjenner dette brevet veit sikkert litt om bakgrunn for, og målet med å skriva det.

  • Brevet er skrive til jødekristne som på grunn av den harde forfølginga dei opplevde, vurderte å gå tilbake til jødedomen.
  • Forfattaren viser gjennom det han skriv kor stor Jesus er, kor mykje større han er enn englane og alle dei viktige personane i jødedomen.  Den nye pakta er mykje betre enn den gamle, den byggjer på betre offer og tek bort synd ein gong for alle. Absolutt alt som Jesus gjer og representerer er betre enn det som var før. Han innfører eit prestedøme som er annleis og mykje betre enn den gamle levittiske ordninga og gjer alt som det gamle systemet berre var ein skugge av, ugyldig når han etablerer den realiteten som alt det gamle berre peika fram imot.
  • Brevet har så mykje openberring i seg at vi nesten leitar forgjeves etter kjensla av å sett sanningane til bunns.
  • For kvar ting forfattaren gjev oss fantastiske innsikt i, så legg han ut konsekvensane dette må få for måten vi lever på: "La oss difor..." Og heile tida handlar det om å ikkje neglisjera det fantastiske Gud har gjort, ikkje gje opp, ikkje kasta frå oss, ikkje missa motet, men halda ut, tola lidingane som møter oss, bry oss om, ta på alvor, gripa nåden osv. For vår frelsar og Herre, Jesus Kristus, har gitt oss eit liv, eit framtidshåp og ei kraft til å gå heile vegen fram til dagen kjem og alt det han har vunne skal fullendast. 
Ein av dei tinga som tala til meg denne gongen, var dei første versa i kapittel 11. Dette kapittelet blir ofte kalla for trus-kapittelet, fordi det viser oss dei mange som fekk godt vitnemål for si tru og som også heldt ut i tru, trass i motgangen dei møtte. Men meir enn kva dei oppnådde med si tru, handlar det om å leva i tru. Og det som inspirerer meg er å sjå kor profetiske desse truande menneska var. 

Når eg kallar dei for profetiske, så meiner eg ikkje at dei var folk som gjekk rundt og profeterte, men dei var folk som levde profetiske liv. Det fins mange dårlege definisjonar av kva det vil seia å vera ein profet. Eg ønskjer ikkje å definera ein profet, men heller prøva å teikna eit bilete av eit profetisk folk. Eg trur nemleg at den generasjonen som vil sjå kongen koma igjen, vil vera ein generasjon av menneske som lever profetiske liv. 

Når vi snakkar om profetane i Bibelen, tenkjer vi ofte på folk som Jesaja, Jeremia og mange andre: desse var profetar og bøkene som har navn etter dei, inneheld profetiske ord som dei tala. Men den første som i Det gamle testamentet blir omtala som ein profet, er Abraham, og ein skal leita grundig for å finna profetiske ord frå hans munn. 

Lenge før Abraham, levde det ein mann som heitte Abel. Han var son til Adam og var ein profet. Bibelen nevner ikkje eit einaste ord Abel talte, verken profetiske ord eller andre. I GT blir han heller ikkje kalla profet. Men Jesus sa til sine samtidige at over denne slekt skal straffa koma for alt profet-blodet som har runne, heilt frå den rettferdige Abel, til Sakarja som mista livet mellom forhalla og Templet. Jesus omtala han som ein profet, og Hebrearbrevet forklarar for oss at det er ikkje berre orda som talar, men også livet:
    I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var     rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død (Heb        11,4).
Abel levde på ein slik måte at han ikkje søkte Guds godkjenning av det han sjølv kunne få til. Men han søkte å bera fram for Gud eit offer etter Guds behag, eit lytelaust lam som var slakta. Blod hadde runne frå eit feilfritt lam som tok straffa for den truande. Han såg prinsippet hjå Gud sjølv, som tidlegare ikkje hadde akseptert Adam og Eva sin eigen måte å dekka over skamma si på, men i staden kledd dei i skinn, ekte skinn, av dyr som i deira stad hadde bøtt med livet. Den profetiske dimensjonen i Abel sitt offer, talar sjølvsagt ikkje berre om dyreoffer som seinare skulle berast fram etter lova, men om eit mykje betre offer; Jesus bar seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud i vår stad. Det gjorde han ikkje berre for mellombels å dekka over syndene, men for å ta dei bort for alltid. Abel var profetisk nok til å sjå Guds frelse som ein løyndom i det dunkle. Men han gjorde det dunkle og løyndomsfulle litt klarare på vegen fram mot høglys dag. For dette blei han hata og drepen. Men Gud vitna sjølv om offeret han bar fram, og let det han gjorde tala til oss den dag i dag. Han fekk også det vitnemålet at han var rettferdig, ikkje på grunn av det han gjorde, men fordi han trudde. Og det han gjorde, gjorde han fordi han trudde.

Henok blei ikkje drepen av nokon. Det er ingen i Bibelen, så langt eg kjenner til, som har kalla Henok for ein profet. Han treng heller ingen tittel. Det er det ingen av oss som treng. Det vi alle treng er vitnesbyrd frå Gud for trua vår. Henok fekk det vitnesbyrdet at han var til glede for Gud. Kvifor? Han vandra med Gud, og den vandringa førte han så nær til Gud at Gud tok han heim til seg, utan at han døydde. Dei truande sitt framtidshåp er ikkje lett å skildra i full breidde, men at vi skal samlast hjå Herren, at vi skal vera saman med Herren for alltid, er uttrykk vi kjenner frå Det nye testamentet. Og for kvar dag som går, er vi ein dag nærare fullendinga av Guds plan for den verda som tilhøyrer og skal tilkoma han. 

Så var det Noah då. Vi høyrer ofte at "i tru, bygde Noah ei ark". Eg veit at ulike bibelomsetjingar uttrykkjer dette ulikt, men i 2011-utgåva står det slik: I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev.

Det interessante og kanskje vanskelege å gripa med forstanden er at han i tru fekk varsel. Trua hans, som i hans tid skilde seg ut som totalt ulik alle andre, gjorde at han fekk vita om det som skulle skje. Noah fann nåde for Herrens auge. Han var ein rettferdig mann, ein heiderleg mann i si tid. Noah vandra med Gud, slik det står i 1 Mos 6, 8-9.
I følgje 2011-omsetjinga, bygde han ei ark i gudsfrykt. Varselet fekk han i tru. Det er ingen grunn til å skilja desse frå kvarandre. Tru og gudsfrykt heng nøye saman. Likevel syns eg det er litt vanskeleg å skjøna stninga:  I tru fekk Noah varsel om det han enno ikkje såg. Men dei føregåande versa kjem oss til hjelp. For det første blir tru definert som pantet på det vi vonar, eit prov på det vi ikkje ser. 
Men eg trur det er viktig å ta med seg vers 6: Utan tru er det umogeleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han. 
Dette er formulert som ei generell sanning. Noah trudde på Gud og arva den rettferd som kjem av å tru, ei rettferd som viste seg i livet hans. Han vandra med Gud og trua hans må ha gjort at han søkte Herren og fekk del i Guds hjarta og planar. Eit av kjenneteikna vi ser i bibelen på det å vera profetar, er dette å sitja i Herrens råd og kjenna, ofte på sin eigen kropp, smertene i Guds hjarta over folket som går feil, hans kjærleik og inderlege ønskje om å frelsa. På denne måten er Noah, som heller ikkje ber nokon profet-tittel, eit vitnesbyrd frå Gud om å leva eit profetisk liv i ei tru som vart til dom over verda. Slik kjenner vi også fleire profetiske utsegn frå Det nye testamentet, der det står at "som det var i Noahs dagar, skal det óg vera ..."

Målet mitt med å kasta blikket på desse tre profetiske trusheltane frå Hebrearbrevet 11, er å løfta opp betydninga av å vera eit profetiske folk, som er profetisk kjenneteikna av å leva liv som ikkje driv med vindane i samfunnet, men som sit å råd med Gud, søkjer han, skjønar seg på tida vi lever i og lever styrt og motivert av visjonen. Vi høyrer ofte om å fungera i "det profetiske". Uttrykket vert som oftast meint som å fungera i profetiske gåver. Dette er viktig nok både med tanke på å nå ut og å byggja Guds hus. Men å vera eit profetisk folk i vår tid, handlar minst like mykje om å leva eit liv som viser kven Jesus er og korleis hans komande rike ser ut. 

Samuel si profetiske teneste var veldig viktig i å etablera monarkiet i Israel, spesielt då han salva David til konge - ein mann etter Guds hjarta, ein som gjorde det Herren bad han om.  David var ikkje fullkomen, men vi må forstå at måten ting blir sagt på, beskriv den endelege kongen, Davids son. (Mat 1,1) 
Døyparen Johannes si profetiske teneste spelte ein viktig rolle i å sjå Jesus bli salva med Den heilage Ande og peika han ut som den som kom Jorda og hadde Guds rike med seg. 
Guds profetiske folk i denne tida vil vera ekstremt viktige i å breia ut Guds rike og sjå Kongen koma i herlegdom og fullenda Guds frelsesplan.

Å vera eit profetisk folk er, slik eg ser det, mykje det same som å vera eit pilegrimsfolk. Å vera på pilegrimsvandring i bibelsk forståing av omgrepet, har ingenting å gjera med å religiøse reiser, eller å gå over Dovre til Nidaros til fots for å finna seg sjølv. 
Å vera ein pilegrim handlar om å leva i lyset frå det ein har sett Gud skal gjera og fullenda. 
Det er å gle seg over alt som liknar på det som skal koma, utan å bli sur på alt som ikkje liknar. 
Det handlar om å tena med tolmod i ein utolmodig lengsel etter det framtidige. 
Det handlar om å ikkje slå seg til ro med den middelmådige halvvegen og samstundes akseptera at målet ikkje enno er nådd. 
Det handlar om å ikkje virra omkring utan å vita kor ein skal eller kor ein høyrer til, men å stå saman med andre som er styrt av same visjonen, hjelpa kvarandre i motebakkane og gle seg over kvarandre sin framgang. 
Det handlar om å festa blikket på Jesus, han som begynte tru i oss, og som skal fullføra den. For det er HAN alle ting dreiar seg om. Han er den største attraksjon i universet, uansett om folk har oppdaga det eller ikkje. Det er ved han, for han og til han alle ting ser skapt. Og det han gjorde på krossen, har lagt heile grunnlaget for at alt i himmel og på jord skal sameinast under hans styre. Alt som står han imot, vil hata denne sanning, men ingenting kan hindra den.

Når vi lever Jesus-livet, så vil Guds lys skina, det lyset som verda ikkje kan få makt over. Den kraft som er i Guds kjærleik kan smelta sjølv dei hardaste hjarte. Og demonstrasjonen av hans liv vil vitna om Guds dom over verda og om den herlegdom som ventar dei som tek imot tilbodet. 

For han skal kvart kne bøya seg i himmelen og på jorda og under jord, og kvar tunge skal sanna til ære for Gud, at Jesus Kristus er Herre. Måtte dei som idag høyrer hans røyst, ikkje gjera hjarta sitt hardt. For Gud står den stolte imot, men den audmjuke gjev han stor nåde.  













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...