Gjennom åra som har gått har eg undra meg over kor stor forskjell det er på kva behov menneske opplever å ha. Vi har reist frå eit Norge i Justin Bieber-feber til land i Sør Amerika i Bibel-feber. I byane i Bolivia er det berre å snu ryggen til husveggen på kva som helst fortau, heva stemma og begynna å fortelja om ein Gud som elskar dei og som vil ha ein relasjon til dei. I løpet av 30 sekundar har det samla seg 50 lyttande menneske og mens ein held fram med å fortelja kva Jesus har gjort for å opna vegen for oss alle, korleis vi i han har funne tilgjeving, fred og evig liv og forklarar om å venda seg bort frå det gamle livet og ta imot eit heilt nytt liv, så veks flokken til 70 og 80 veldig fort. Men når vi sluttar av og vil dela ut eit nytestamente til alle, hender at kaoset bryt ut. Bibel-feberen er ikkje til å halda att.
Vi stoppa bilen for å ha ein evangeliserings-stand i Cruce Taqiña i Cochabamba. Sjåføren såg ikkje holet i vegbana og eine hjulet gjekk rett nedi. Uhellet gjorde at ein betongkant på fortauet knuste oljefilteret under bilen og all motorolja rann som ein liten bekk nedover gata. To politimenn stod på andre sida av gata og heldt vakt ved døra til Western Union Bank. Dei følgde med på alt som skjedde og som nordmann venta eg at dei hadde kome bort på grunn av oljesølet.
Vi stod der ein time og snakka med folk om Gud og delte ut biblar. Då vi var ferdige og ikkje hadde fleire biblar igjen, måtte vi skaffa hjelp til å slepa bilen til verkstad. Det var då den eine av dei to politifolka kom med faste steg over gata. Eg tenkte at no blir det vel sirkus her. Han begynte å snakka om biblane vi hadde delt ut. Sjølv om lover som blir vedtekne i Bolivia ikkje alltid blir handheva, låg det faktisk i lovverket at ein ikkje har lov å forkynna evangeliet i byane. Eg kunne berre stadfesta at vi hadde delt ut biblar. Det han lurte på, var om vi hadde ein igjen som han kunne få. Det hadde vi ikkje, men eg lova å stoppa neste dag og gje han ein. Oljen som flaut i vegbana brydde han seg ikkje om.
Neste morgon tok eg to eksemplar med i handa då vi kjørte frå huset. Vi stoppa ved banken og vinka på den eine av politifolka som stod der og gav han begge biblane. Det var ikkje den same som eg snakka med dagen før, men han takka og tok dei med seg. Før vi hadde kome oss gjennom rundkøyringa kom kompisen hans springande og takka med kraftig handtrykk for at vi ikkje hadde gløymt han.
17 desember 2011 traff ein tyfon ei av dei sørlege øyane på Filippinene. Alt regnet fekk elva som renn ut i havet i Illigan City til å stiga med seks meter. Vatnet kom ned frå fjella med voldsom kraft og tok med seg store mengder med ulovleg hogd tømmer. Tømmeret traff ei mengd med hus som vart knust og sopt på havet. Vatnet steig så fort at mange aldri rakk å koma seg ut. Det var natt, all elektrisitet var borte, stummande mørkt, mange kom seg opp på hustaka då husa løfta seg frå grunnane på veg mot havet. 1500 menneske mista livet.
3-4 veker etterpå (i januar 2012) var vi Illigan City. Då hadde alt store hjelpeorganisasjonar vore inne med hjelp som klede, bleier og ris. Mange budde framleis i leiren som var oppretta for alle dei huslause, men mange hadde reist heim og begynt arbeidet med å leita etter plankar og stokkar som kunne brukast til å byggja oppatt husa sine. Vi gjekk gjennom det som hadde vore eit stort bustadområde. No var det berre gjørme. Her og der stor det litt grunnmur igjen, mellom anna litt av veggen på badet i huset der ein familie budde som alle hadde blitt berga.
Før vi reiste til Illigan City hadde "spionar" vore inne og snakka med overlevande for å finna ut kva hjelp som var mest nødvendig. Svara var samstemt: "Vi har fått ris, men vi har ingenting å koka risen i. Difor er det to ting vi treng. Panner til å koka ris i og biblar.
Den kraft og det liv som er i den levande boka, er ein av dei tinga menneske set aller høgast når alt anna sviktar og alt anna manglar. Når ingenting er igjen, er det likevel noko som gir fred på innsida, håp for framtida og tryggleik i tilværet: Det som aldri sviktar. Jesus sa: Om så himmel og jord forgår, skal mine ord aldri forgå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar