Etter nesten fire år, var endeleg tida komen til å reisa tilbake til Bolivia. Ulike årsaker, ikkje minst Covid-pandemien, har ført til stengde dører og vanskelege arbeidsforhold.
Bolivia har hatt langt strengare restriksjonar enn det vi har hatt i Norge. Mange har mista jobben og går framleis arbeidslause. Fleire forsamlingar har ikkje makta å starta opp igjen etter at samfunnet opna opp. Mange folk er borte, mange har ikkje jobb, dei økonomiske pliktene er dermed tunge å bera. Men det var ei glede å oppdaga at dei tre forsamlingane som vi arbeider saman med, i Cochabamba, i La Paz og i Punata, alle lever ut visjonen i truskap mot Herrens kall. Dei har alle bestemt seg for å halda fram, og det ser verkeleg ut til at Herren velsignar avgjerda med ny kraft, ny forfriskning og nye menneske som tek imot frelse og blir ein del av familien.
På denne turen var det viktig for meg å sjå kor folket hadde det og korleis vi kan bera børene saman i tida som kjem. Gud har knytta oss saman og det er mange spanande ting å sjå fram til.
Det som gjer meg så glad og takksam, er å sjå både trua og kjærleiken mellom menneska. Det var ei rik oppleving, berre å kjenna Guds nærvær og velsigning røra meg under heile turen. Bibelen seier at Jorda er full av Guds herlegdom. Men det er ikkje alltid vi ser at det er slik. På denne turen var det fleire gonger som om Gud opna augene mine, slik at eg kunne sjå korleis hans herlegdom låg som eit slør over byane.
Det var fantastisk å møta den unge mannen Alejandro. Han braut ryggen under ei arbeidsulykke i 2006. Eg er aldri i Bolivia utan å besøkja han og familien. Dei bur i Primero de Mayo, eit lite stykke sør-aust for Cochabamba.
Ein annan kar med same navn, som er 11 år, og bur i La Paz, kom på møtet saman med faren. Han kom i møte med meg med opne armar og gav meg ein lang og god klem. Eg tok rundt han og løfta han opp. Det, er det ikkje vanleg å gjera med nokon, men denne 11-åringen er spesiell for meg. Første gongen eg møtte han var han eitt og eit halvt år. Han låg som ein slapp bylt i armane til mora. Han var fødd med hjerneskade og kunne ingenting. Han kunne ikkje gripa når ein la ein finger i handa hans, han hadde ingen koordinerte rørsler, legane sa han ville aldri verken gå eller krypa, heller aldri kunna snakka. Han hadde berre eit tomt blikk og ein slapp kropp. Foreldra trudde ikkje på Gud, men besteforeldra hadde ei sterk tru på at Alejandro skulle bli heilt frisk. Men, Gud hadde sagt til dei at det var viktig å ta han med til menigheten. Dette ville ikkje foreldra høyra snakk om. Mange bad til Gud for han og sjølvsagt også for foreldra som var i ein vanskeleg situasjon. Pastor Edson var støtt på sjukehuset og bad for han.
Etter mykje mas frå besteforeldra til Alejandro, gav mamma Ilsen til slutt etter for presset og tok han med til menigheten. Det var akkurat den eine søndagen i 2012, då eg og teamet av norske bibelskulestudentar var der. Ingen av oss hadde vel bedt for nokon med så dårleg utgangspunkt, men Guds ord lærer oss at for Gud, er ingenting for vanskeleg. Vi stod rundt han og bad eit par enkle og korte bønner og reiste så tilbake til Cochabamba.
Neste gong eg traff Aljeandro, var i ein hotelllobby i La Paz, året etter. Då sat han på fanget og rota rundt i jakkelommene til bestefaren på jakt etter godteri. Mamma var der også. Ho fortalde at ho hadde tatt imot Jesus som frelsar og herre. To år seinare var eg igjen i La Paz på gudsteneste i menigheten. Då kom Alejandro inn igjen frå søndagsskulen med ei teikning han hadde laga. Alle barna hadde teikningar som dei ville gje til dei vaksne. -Er denne til meg, Alejandro? -Si. Det er ikkje den einaste teikninga eg har fått opp gjennom åra, og eg må vedgå at eg ikkje tek vare på nokon av dei. Men minna tek eg vare på.
No er han 11 år, han kan framleis ikkje lesa og skriva. Språkleg sett ligg han etter, men legane seier at han har ei fin utvikling, sjølv om det tek tid. Han spurte meg om eg kunne be for han. Det gjorde eg sjølvsagt, og då eg var ferdig, sa han: Thank you! Pappa'en delte med meg kor stor ei velsigning Alejandro var for dei som familie. No tener dei alle Gud trufast. Alejandro har også fått ei søster. Ho er nokre år yngre, men på enkelte områder er dei to på same nivå, og har stor glede av kvarandre.
Dette var forteljinga om Alejandro i La Paz. Men turen til Bolivia hadde så mange andre rike ting å fortelja om, at det er nyttelaust berre å prøva. Likevel er det rett å sei at det som gjer meg meir takksam enn noko anna, er å kjenna trua og kjærleiken desse menneska har til Gud og til kvarandre - også til meg. Eg har lært kor vanskeleg det er å forstå og forklara korleis Gud knyter folk saman. På den eine sida, er det alltid slik, at eg på desse turane kjenner meg meir hjelpelaus enn nokon gong elles. Eg blir desperat avhengig av å høyra kva Anden seier til menigheten. Men det er nettopp i dette spenningsfeltet vi lærer å ha tru og tolmod og kvila i Guds nåde. På den andre sida er det ei sann glede å sjå kva Gud gjer. Og det er verkeleg utrulege ting vi har sett Gud gjera opp gjennom åra i Bolivia. Eg er glad for at det meste av det kan bevitnast av mange.
Eg ser fram til å bli nærare kjent med nye grupper av menneske. Vi har alt kontakt med ein gjeng quechua-talande folk som ønskjer at vi skal koma til dei på besøk. Vi traff dei i Punata då vi besøktye menigheten der. Eg har lova å koma til dei neste gong. Dei held til berre ein god halvtimes køyring lengre aust. Historia vår i Bolivia sidan 2006, ber med seg mange vitnemål om Guds gjerningar. Men framtida gøymer på langt meir. Når grunnlaget er godt, blir resultatet også til Guds ære. Difor er eg overtydd om at det beste enno ligg framføre oss.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar