Det var ein vakker dag i slutten av september. Sjøen låg heilt stille langs kysten og temperaturen var heilt oppunder 20 grader. På ein dagstur i teneste for evangeliet, nordover til ein av kystkommunane i Vestland, traff eg ei kvinne som trudde på Gud. Ho hadde bedt mykje i det siste på grunn av den urolege situasjonen som rår også i vår del av verda, med krig i Ukraina, med sabotasje på gassleidningar mellom Russland og Tyskland, med truslar om bruk av atomvåpen, energikrise i Europa og dyrtid på mange område. Ho var den første eg har kome til som spontant fortalde at den usikre tida vi lever i, har fått henne til å be til Gud. Det er interessant, synes eg, fordi eg har bedt nettopp om at det norske folk må venda seg til Gud når den falske tryggleiken blir skaka i grunnvollane.
Vi prata ei stund om at evangeliet om Jesus er det håpet Gud har gitt oss å setja vår lit til. Litt ut i samtalen fortalde ho at ho hadde vore ganske sjuk ei tid. Eg spurde om det var noko eg kunne be for henne om. Ho sa ho hadde store problem med ein sjukdom på augene og forventa ein større operasjon.
Der ute på trappa ved huset der ho budde, fekk eg be om lækjedom for plagene. Etterpå tenkte eg på ordet eg hadde fått om morgonen frå Lukas 4. Vi skal ropa ut at fangar skal få fridom, at blinde skal få sjå og proklamera eit nådens år frå Herren.
No var kvinna på ingen måte blind, verken fysisk eller åndeleg. Ho såg klart at Gud er vår einaste redning og vårt einaste håp. Eg skulle ønskja at alle andre eg snakka med den dagen hadde hatt like godt syn på dei augene som Paulus kallar for "hjarta sine auge" (Ef 1,18). Men mange er som farisearane Jesus var i snakk med; dei trur dei ser, men er blinde.
Men Jesus har kome for blant anna å opna blinde auge slik Jesaja føresa og som Jesus sjølv stadfesta både i ord og i gjerning. Han opna blinde auge i fysisk forstand, men var endå meir oppteken av at menneske skulle koma ut av den tilstanden Jesaja hadde skildra: "Dei forstår ikkje og skjønar ikkje. Auga deira er attklistra så dei ikkje kan sjå, hjarta óg, så dei ikkje kan skjøna" (44,18). Men han profeterte også om Jesus: "Du skal opna blinde auge og føra fangar ut or fengslet, dei som sit i mørker ut or fangeholet" (42,7).
Sjølv, har eg sett Gud gjera mange under med augene til folk, ikkje minst at latent sjeling har blitt perfekt lækt og at generelt dårleg syn har blitt kraftig forbetra ved bønn.
Men det er eit større handicap for langt fleire, at dei berre ser det som er synleg for det naturlege auga, mens augene i hjarta er tilslørte og lukka igjen slik at dei ikkje vender om og blir gjort heile.
Jesus smurde gjørme på augene til ein mann som var fødd blind og bad han vaska seg i Siloa-dammen. Då han hadde gjort det, kunne han sjå. Vi kjenner historia frå Johannesevangeliet kapittel 9. Farisearane gjekk til åtak på mannen med mange spørsmål som han ikkje kunne svara på i første instans. Men då han sa ting som korrigerte synet deira på Jesus på ein litt belærande måte, vart dei rasande, skjelte han ut og kasta han ut av synagogen. Då mannen seinare møtte Jesus og tilbad han, sa Jesus: "Til dom er eg komen til verda, så dei som ikkje ser skal sjå, og dei som ser skal verta blinde". Farisearane som stod der, høyrde dette og sa: "Kanskje vi óg er blinde?" Jesus svara: "Var de blinde hadde de inga synd. Men no seier de 'Vi ser!' Difor blir synda dykkar ståande".
Det er ingenting som er annleis idag enn på Jesus si tid, når det gjeld desse spørsmåla. Men så er det her at Jesus ropar ut den programerklæring han framleis har gjennom oss som er hans forlenga arm og røyst, at fangar skal få fridom, at blinde skal sjå, at dei bundne skal bli løyst og ropa ut ein nådens år frå Herren - eit nådens år som etter alt å døma nærmar seg slutten. Men vi trur at før nådens tid er over, skal Guds ande koma over oss og salva oss i den gjerning og det verk som han sjølv vil gjera også i vår tid. Det er på gang ei utrenning av Den heilage ande som vi ikkje har sett maken til før. Vi kjenner at det åndelege klima endrar seg. I det naturlege ser vi at mange ting blir rista. Det er nødvendig for at dét skal bli ståande som ikkje kan ristast, det som er urokkeleg. Og sidan vi får eit rike som ikkje kan ristast, la oss gripa Guds nåde med takk og gjera vår teneste med evangeliet med stort frimod og med forfriska forventning. For det er vi som er på det sigrande laget, vi som har sett vårt håp til Jesus Kristus og ikkje til det usikre i verda.
Ja, seier Herren: Fangar skal takast frå krigaren og byttet skal bergast frå valdsmannen (Jes 49,25). Tjuven er komen for å drepa, stela og øydeleggja, men Jesus kom for å gje liv, og det i overflod. Difor kan du vita om deg sjølv, og eg kan vita om meg sjølv, at Jesus i meg er i stand til å opna augene på dei som ikkje ser. Då kan vi gjera hans proklamasjon til vår og la den lyda alle stader der vi går:
Herrens ande er over meg. For han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar