torsdag 13. oktober 2022

Det vi veit

Natt til mandag 3. oktober 2022, døydde mor mi, 90 år gamal. Ho var på sjukeheim, hadde ulike sjukdomar og var svak og sengeliggande det meste av tida. Ho hadde det ikkje vondt og leid ikkje av smerter. Ho var berre trøytt og svak. Kreftene forsvann sakte men sikkert og ho var klar til å reisa si siste reis. Søndag 2. oktober fekk ho eit lite slag som starta den siste nedteljing. 

Eg har bedt om at ho ikkje skulle døy på ei tid der eg var bortreist, og at det ikkje skulle skje så brått at eg ikkje fekk vera der saman med henne. Herren oppfylte for meg begge desse ønskja. Eg fekk sitja ved senga og halda henne i handa siste kvelden, også då ho fredfullt og stille sovna inn, få minuttar over midnatt.

Det er ei underleg kjensle å oppleva at eit liv som har kjempa seg gjennom gode og vonde dagar heilt sidan byrjinga av dei harde 30-åra, stille ebba ut. Hjarta har slått i så lang tid, at det der og då, er vanskeleg å gripa dimensjonen i det. Og så, ein sein søndagskveld, har hjarta berre få slag att å slå, før det lange løpet på jorda er ført heilt til endes. Berre eitt steg står att, steget over målstreken og inn til ei kvile heime hjå Herren med gjensynsglede og fest av ein annan dimensjon. 

90 år er lenge. Likevel seier Guds ord at livet er som graset og som blomen på marka. Den står idag, i morgon er den borte og plassen han stod på veit ikkje av han. Og i det store perspektivet er alle menneskeliv korte. Det einaste vi veit, er at vi har dagen i dag og at vi lite veit om dagane som ligg framfor. 

Mange lever lange liv med mange år utan at livet ber den frukt det var tiltenkt å bera. Eller ein kan leva få år og setja spor etter seg, spor med evighetsverdi. Det står om Kong David, at han tente Gud i sin generasjon.  Første Krønikebok startar med 9 kapittel berre med ættelister. Det er mange navn som er vanskeleg nok å uttala. Det som slår meg når eg pløyer gjennom desse kapitla, er kor mange generasjonar det ikkje er noko å skriva om. Likevel er ikkje navna deira gløymde. Gud har dei med i si bok for å minna oss om at dei var der. Dei hadde si tid. Men brukte dei denne tida godt? Levde dei for Gud den tid dei fekk, eller levde dei for eg sjølve? Let dei Guds nåde gå til spille eller greip dei nåden for det kallet dei hadde fått?  Inn i mellom les vi navnet også på dei som levde ut Guds historie. I kapittel 4, ser vi at det var ein som heitte Jabes. Han bad i det minste til Gud og Gud svara bønnene hans. Dermed fekk han to eigne vers i Guds bok fordi det vitna om den tru Jabes hadde, ei tru han fekk god utteljing og godt vitnemål for.

Paulus seier at om vi lever, så lever vi for Herren. Om vi døyr, så døyr vi for Herren. Så enten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til. Første setninga her er viktig: Lever vi, så lever vi for Herren! Ein anna stad, seier han: Og han (Jesus) døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. 

Lat oss gripa nåden for det kallet vi har fått og leva kvar dag for han som døydde og stod opp igjen for oss. Lat oss tena Gud i vår generasjon som David gjorde. Lat oss leva slik at Herrens notatbøker har innhald. Vi kjenner ikkje framtida, men veit at den er i Guds hender. Vi kjenner ikkje dagen i morgon, men vi veit at vi har dagen idag. Det er mange ting vi ikkje verken veit eller treng å vita. Men det vi veit, er at vi får eit rike som ikkje kan rokkast og at vi derfor med takk kan gripa den nåden som er gitt oss og fullføra løpet og den tenesta vi har fått av Herren med gudsfrykt og ærefrykt til glede for han. Livet er kort, men så lenge det heiter idag, er det slik at Gud i oss, arbeider. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...