mandag 17. april 2023

Bibelskuleelevar i funksjon

 

Søndagskvelden var ei takksam erfaring for ein bibelskulelærar og teamleiar på misjonstur i Bolivia.

Etter gudstenesta og dåpen i går, var ungdomane i menigheten og teamet og spelte wolleyball. Isak hadde eit solid overtrakk og skada ankelen sin. Vi har bedt for han fleire gonger og det har gitt lindring. Vi får sjå idag korleis situasjonen er og om vi skal ta ein tur på røntgen. Ver med å be for Isak og full og heil helbredelse for ankelen. 

I går kveld var vi med på ei leiarsamling i menigheten for å bli litt betre kjent med dei som leier dei ulike område, som lovsang, barnearbeid, møteverttenesta, pastorteamet og ulike praktiske hjelpetenester. Det var ei veldig fin samling der eg delte litt om det å arbeida som for Herren og ikkje for menneske. Deretter delte Bogdana vitnesbyrd som gjorde inntrykk på mange. Så hadde Johannes eit veldig inspirerande vitnesbyrd om det å ta steg i det overnaturlege. 

Det er sterkt å sjå korleis teamet søkjer Gud og får ord til ulike menneske, ber for dei og tener dei i Den heilage andes kraft. Kvar gong vi skal forflytta oss frå ein plass til ein annan, må vi nesten riva dei ut or ein eller annan samtale eller forbønssituasjon.  Å sjå unge menneske som er kopla på det Gud vil gjera for menneske, er rørande observasjonar. 

Så måtte vi desverre ta farvel med David og Violeta, som måtte reisa tilbake til Sverige for å gjennomgå heilt nødvendige praktiske prosedyrar for det som er neste steg i deira kall. Vi vil sakna dei her, men er godt tekne hand om av andre. Dessutan er det ein av oss som har vore her i huset før og kjenner El Bosque rimeleg bra. 

Idag skal vi først til La Cancha og etterpå til eit senter for jenter som ikkje kan bu hjå familiane sine, eller ikkje har familiar. Vi skal gje dei evangeliet og Guds ord i vitnesbyrd og undervisning. 

Vi har det alle godt i det at vi kjenner oss avhengige av Gud. Takk til alle som ber for oss. Gud arbeider i Bolivia.




                                                                                                                 Johannes deler vitnesbyrd


Under: Vitnesbyrd av Bogdana med Violeta som tolk

2 kommentarer:

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...