søndag 16. april 2023

Fantastisk ungdomsmøte på lørdag og gudsteneste på søndag

 

Isak på bibelskulen forkynte Guds ord på Ungdomsmøte lørdag kveld. Gud talte til han på føremiddagen og han førebudde ein veldig sterk og god bodskap for dei minst 50 unge i menigheten i Cochabamba. Det førte til ei sterk og lang stund etterpå med forbønn og frigjering for mange. 

Elevane våre gjer ein veldig god jobb på alle område. Forkynninga til Isak var salva og klar og tydeleg. Ordet vart teke godt imot, noko som også responsen i ettermøtet viste. Eg er stolt over kvaliteten på arbeidet teamet gjer og ikkje minst over frimodet og viljen til å bli brukt av Gud.


Idag, søndag 16. april, var det vanleg gudsteneste i menigheten. Eg delte Guds ord om Jesus som midt i suksessen ikkje ville la seg overtala til å bli verande hjå folkemengda, men dra vidare til dei andre byane for å forkynna evangeliet om Riket, slik at også dei fekk høyra. På slutten gav eg ein frelsesinvitasjon. Ei kvinne kom fram og tok imot Jesus. Ho fekk møte Gud på ein sterk måte. All ære til vår frelsar og Herre.

Rett etter møtet var det dåp ute i bassenget utanfor. Ikkje mindre enn 18 personar i ulik alder let seg døypa. Det var det norske teamet som døypte alle 18, Johannes Vartdal og Bogdana Skliaruk gjorde ein perfekt jobb. Johannes leia an i alt som skulle seiast på glimrande spansk, og Gillermo stod på bassengkanten og organiserte ting alt som skjedde på land på ein glimrande måte. Nesten heile menuígheten var vitne til hendinga med song, dans og musikk. 

I kveld er teamet og meg invitert til ei samling med alle leiarane i menigheten. Det ser vi fram til. Eg har fått i oppdrag å dela Guds ord der óg.  Det oppdraget kom på kort varsel, så då får eg heller kutta ut det som skjer i mellomtida og la ungdomane får spela wolleyball i mitt fråvær.. Takk til alle for førbønn. Alle har det fint her i Cochabamba. Guds signing til alle heime på Vestlandet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Dag nummer to i La Paz

 Lang reise i går, sein samling og dermed ein roleg morgon i dag. Vi bur på eit hotell utan frukost, men vår gode venn og sjåfør, Marchelo, ...