søndag 30. april 2023

Evangelisering og seminar i La Paz

I går, den 29. april, hadde vi evangelisering i saman med menigheten i La Paz, som vi har stått saman med i mange år. Måten dei gjer det på, er at dei startar klokka sju på morgonen med å laga varm mat. Så går dei ut og inviterer folk på gatene til måltid i menighetslokalet. Då eg kom tilbake frå invitasjonsrunden eg hadde saman med tre andre, var det nesten fullt rundt borda. Også to politimenn vi hadde invitert, kom inn og sette seg. 


Midt i måltidet, fekk eg beskjed om å dela evangeliet. Det gjorde eg, med innslag av eigne vitnesbyrd. Fleire folk frå gata kom til undervegs i forkynninga, så alle fekk ikkje høyra alt frå starten av, men dei vart sitjande etterpå og fekk dei gode nyheitene frå folk i forsamliga. Då eg gav invitasjon til frelse var det i alle fall 15 stykker som rakk handa opp og som vi fekk be saman med, men etterpå var det også fleire som tok imot Jesus. Det var mange der som trong forbønn for ulike ting, så vi hadde ein lang sesjon med å be for sjuke etter maten. Djupt fortvila folk med alkoholproblem, gav livet sitt over til Jesus, ei kvinne som berre såg tåkete på eine auga fekk klarsynet tilbake, fleire med smerter vart løyst frå plagene sine. Gud gjorde mange gode ting. Eg har ikkje høyrt om alt enno, og ingen av oss har kontroll på det heller. Berre Herren veit og Han tilhøyrer all ære og all pris.

På ettermiddagen hadde vi seminar i menigheten om grunnleggjande ting rundt det å tru og leva i tru. Isak starta ut med første sesjon om rettferdiggjering ved tru. Andre sesjon hadde eg, og trekte fram litt fleire generelle ting om tru og korleis anvenda trua i dagleglivets praktiske situasjonar. 

No er det berre ei gudsteneste igjen her i La Paz no i føremiddag. Så tek vi flyet ned igjen til Cohabamba, der vi pakkar, vaskar og tek fatt på heimreisa klokka 03:30 i natt. 

Så er det mange ting som har skjedd som eg ikkje har rapportert om, som tildømes at vi i Cochabamba var på besøk i ein fotballskule, der vi fekk dela evangeliet med tre ulike aldersgrupper og dei som ville fekk vera med på sparka fotball. Dei som hengde seg på, fekk ein testa pusten sin. Cochabamba ligg trass alt på 2600 meter over havet. Elevane på fotballskulen vart sterkt berørt av evangeliet om Jesus, og tok imot Jesus som Herre i livet sitt.


Teamet av bibelskulestudentar har hatt ei tenestevillig haldning, aldri klaga over noko som helst, tatt steg i tru i alle utfordringar dei har fått, stått løpet ut og vore til enorm velsigning for alle dei har møtt. Eg er så stolt over alle, og over at vi gjennom Bergen Bibelskule ser unge menneske bli tilgjengelege for Gud i den grad vi ser demonstrert. Turen har vist meg at innafor beskjedne ytre, er det tru og initiativ som imponerer. Ein bibelskulelærar kan bli fyllt av audmjuk takksemd for mindre enn det eg har sett på denne turen saman med Isak Dessaleng, Johannes Vartdal, Signe Bjorvatn, Bogdana Skliaruk og Jan Arefjord som ikkje er bibelskulestudent men min medarbeidar i KF Sotra Øygarden. Å ha han med, har vore ein draum i mange år, og no altså ein oppfyllt draum. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...