Tre dagar sidan sist oppdatering. Det har vore travelt og vi har mesteparten av tida vore utan nett-tilgang. Vi reiste til La Paz på onsdag med buss frå Cochabamba og kom fram etter ca. ni timar. Same kvelden hadde vi møte i forsamlinga her. For meg var det eit gledeleg gjensyn med mange kjente og nokre nye ansikt.
Så reiste vi vidare med minibuss til Coroico, som ligg nede i La Yungas. Vi må kjøra over fjellet frå La Paz og nedover dei bratte fjellsidene. Den kjende døds-vegen er ein del av strekninga, men siste åra har det vorte laga ny veg på andre sida av den djupe dalen, så det gjekk på ca tre timar før vi var framme i Coroico og 40 minuttar ekstra før vi var framme på basen der vi overnatta og hadde måltid. På ettermiddagen i går hadde vi evangelisering i den vesle småbyen som ligg på ein haug midt oppe i fjellsida. Eg trur det var fem personar som tok imot Jesus og i alle fall ei kvinne med ganske utsliten kropp som fekk oppleva at smertene i heile kroppen forsvann. Det åndelege miljøet i Coroico er betydelege hardare enn i Cochabamba. Det er mykje rus og andre problem, men Guds ord har gjennomslagskraft likevel. Dyrking av coca, er sentralt i Las Yungas. Elles er det grufulle grusvegar å køyra på i området rundt så vi har fått banka oss nokre timar i litt tronge minibussar. Men det er alle einige om er bra for misjonærtreninga.
I dag hadde vi ei veldig god stund i bønn, saman med Pastor Edson Ramirez, kona hans og tre leiarar for ein annan menighet i La Paz som dei arbeider litt saman med. Vi fekk fleire profetiske ord til dei og fekk oppmuntra dei på ein fin måte. Så reiste vi tilbake til La Paz, der vi i morgon føremiddag skal på ny evangeliseringsrunde, og på ettermiddagen skal vi ha seminar i det nye forsamlingslokalet. Det blir Isak og meg som deler på undervisninga. Men før seminaret, blir det rundtur i La Paz med El Teleferico, gondolsystemet som knyter saman heile den svære og utilgjengelege byen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar