onsdag 19. april 2023

Samling for kvinner og samling for menn

Draumen ein lærar på Bergen Bibelskule har, er å sjå elevane våre vinna over seg sjølv, enten det er frykt for det ukjente og ofte ubekveme eller det er det uttrygge i det å gå steg i tru i ukjent farvatn og erfara å bli brukt av Gud på mektige måtar.

Ofte er vegen til å erfara Guds kraft, å kjenna seg svak i seg sjølv. For Guds kraft blir fullenda når vi er ferdige med oss sjølv og ikkje har annan enn han igjen å stola på. Guds skule har ingen menneskeleg uttenkt fagplan, men styrt av ein visdom som ber fantastisk frukt.

Vi har fire elevar med oss her i Bolivia. Dei er svært ulike, men like på eitt område; viljen til å bli brukt av Gud, sjølv om det kostar. I kveld hadde vi to samlingar i menigheten i Cochabamba, ei for kvinner og ei for menn, med felles lovsang i starten. Signe og Bogdana forkynte Guds ord til kvinnene og Johannes og Isak til mennene. Minst 60 kvinner var til stades på kvinnemøtet, der Gud rørte ved hjarta til mange. På samlinga for menn delte først Isak med utgangspunkt i følgjande utsegn: Det som skal til for at det vonde skal ha framgang, er at gode menn er tause. Ein 19-åring delte så tydeleg om det å ta ansvar som ein Guds mann, at det gjekk rett i hjarta både på dei unge mennene og dei i høg alder. Johannes forkynte om fruktene av å gjera det som er rett. Fantastisk. Bogdana og Signe si forkynning fekk eg naturleg nok ikkje høyra. Men veldig gode rykter er i ferd med å spre seg.

Vel heime igjen, under debrief´en i sofaen i El Bosque, var det ein viss bibelskulelærar som var useieleg stolt over elevane sine. Stolt fordi han har kjempa både den eine og den andre kampen med seg sjølv for å sei det som måtte seiast i situasjonar som no heldigvis høyrer ei fjern fortid til. Det arbeidet som Gud har gjort over tid i forsamlingane her i Bolivia, er berre til å jubla over og takka for. Men å sjå kva Gud har gjort, og gjer i dei unge elevane våre, gjer meg audmjuk, takksam, full av håp for framtida og rørt til tårer til langt nedover gensaren.  Gud være all ære for sitt verk. 

Elles har vi, i samalikning med tidlegare år, hatt lang mindre aktivitetar, så langt. Dei siste to dagane har vi kunna nytta til å be mykje saman og samtala med kvarandre om både Bolivia og Guds ord. Vi kjenner at det har knytt teamet saman endå meir, og gitt oss rik velsigning frå den himmelske Guds fred og nærvær. I morgon er det litt same opplegget før det brakar laus med skikkeleg gateevangelisering på torsdag. 

Takk for forbønn. Guds rike velsigning til alle.

3 kommentarer:

  1. Godt å høre om elever som tar store steg og som lykkes med alt de tar seg fore🙏

    SvarSlett
  2. Fantastisk å høre alt som Gud gjer! Eg glér meg veldig til å treffa dåke!😊🙏

    SvarSlett
  3. Så flott å lesa om det Gud gjer og elevar som står i utfordringer og ikkje mins ein nøgd lærar.. 😊👍🙏🏼

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...