søndag 23. april 2023

Talentshow med evangeliet og frelse

 I går hadde vi ein fin kveld i forsamlingslokalet. Mange artige innslag avslørte både frimod og kvalitet under talentiaden. Teamet frå Norge avslutta heile kvelden med å framføra ein nydeleg lovsang på engelsk og spansk. Guds nærvær kunne kjennast. Etterpå delte Bogdana evangeliet og inviterte til frelse. To stykker løfta handa og fekk hjelp der og då til å ta imot frelse frå den levande Gud ved Jesus Kristus.

Jobben Bogdana gjorde var veldig godt førebudd og utført. Eg er så takksam for det Herren har gjort i alle elevane våre og gler meg over den utrustning som Gud gir dei gjennom verktøyet Bergen Bibelskule. 

All ære og takk til Gud.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...