Dagen i dag begynte tidleg med førebuingar før frukosten klokka åtte. Jan og Isak delte på forkynninga på gudstenesta i Cochabamba. Eg gjorde meg klar til å forkynna i Punata. Det var Johannes, Signe og meg som reiste til Punata saman med Pastor Angel, kona hans og Alvaro som skulle vera min tolk. Ein morgon eg var ute og gjekk morgonrunden min i El Bosque, fekk eg eit bilde frå Gud om Punata og ei tolkning av dette bilde som gjorde at eg reiste ut med eit klart profetisk ord.
Under: Lovsangsteamet i Punata
Jan og Isak delte på forkynninga i Cochabamba og det vart ei veldig god samling. Lovsangen var fantastisk, ordet frå Herren vart sterkt forkynt, to menneske blei frelst og mange kom til forbønn på invitasjon frå Jan. Han fekk eit ord frå Asbjørn Normann før han reiste, om at han skulle leggja hendene på dei sjuke. Av dei som kom til forbønn var det mange som vart helbreda.
Etter gudstenesta i Cochabamba, reiste også Jan, Isak og Bogdana til Punata, og fekk lunsj i forsamlingslokalet der. Vi som hadde vore der under møtet, hadde alt ete lunsj saman med heile menigheten. Mange av desse var gått heim for dagen, men ein god del var igjen for å vera med på dåp og samling i Cuchumuela.
Sist eg var i Punata (i juni i fjor) traff eg denne gruppa frå Cuchumuela. Dei har Quechua som språk og staden der dei held til, ligg ein halv times kjøring frå Punata. Litt opp mot fjellet ovanfor Cuchumuela, er der eit lite basseng, og der skulle dei ha dåp. Det var tre stykker som skulle la seg døypa, ei ung kvinne, ein ung mann og ei kvinne som var 90 år. Ho var fast bestemt på å bli kristen og la seg døypa, sjølv om ho ikkje kunne gå lenger og var så godt som heilt blind.
Under: Dåpsbassenget
Pastor Crispin gjekk først gjennom evangeliet og bad med henne til frelse på quechua, før ho fekk hjelp til å skifta klede av nokre kvinner som var med henne. Ho måtte berast ned til bassenget og løfta ned i vatnet der Luis frå Punata og vår eigen Johannes frå Egersund tok imot henne. Ho vart døypt saman med to unge. Etter at seremonien var fullført, tok Isak henne i armane sine og bar henne opp skråninga og sette henne inn i bilen som venta.
Så bar det ned igjen til Cuchumuela der vi hadde samling i det fattigslege lokalet dei brukar å samlast i. Stort sett er det tre vegger med tak over, men jammen var det plass til mellom 20 og 30 personar. Der delte eg igjen litt frå Guds ord og oppmuntra dei i den misjonsgjerninga dei er kalla til. Jan hadde også eit sterkt profetisk ord til flokken, med særleg adresse til dei unge mennene. Dei vart tatt fram, lagt hendene på og bedt for. Det var mykje anna som også skulle seiast på quechua, som gjekk oss nordmenn hus forbi, så møtet drog litt ut.
Då vi skulle reisa heimatt til Cochabamba, viste det seg nok ein gong at Signe mangla. Det har stort sett skjedd kvar gong vi skal dra frå ein plass. Men vi har slutta å lura på kva ho held på med. Er ho ikkje ved bilen, heldt ho nok på å be for ein eller annan. Og den ho bad for denne gongen, var den gamle dama som verken kunne gå eller sjå. Så vi venta eit par minuttar. Og då ho kom, hadde den gamle fått synet sitt tilbake. Og det vart stadfesta fleire gonger både på spansk og på quechua. Vi takkar Gud og gir han all ære.
Denne turen til Bolivia har på fleire område vore ulik tidlegare teamturar. Det er ikkje lenger Norleif og eit team, men berre eitt team. Alle på teamet gjer ein fantastisk jobb og det er veldig interresant å sjå korleis alle fungerer ulikt men likevel som eitt. Gud brukar den enkelte på måtar vi ikkje har sett i same grad før. I arbeidet her, har ikkje eg lenger ei markant hovudrolle, men meir ein hjelpar og oppmuntrar til den rikdomen av gode initiativ og innspel som elevane kjem med. Eg ser i teamet, sterke framtidige tenester som er fulle av ein sunn og gudgitt iver, men som oppdagar kor mykje meir erfaring som trengs i forhold til den dei har frå før, både fordi det er hundre fleire omsyn å ta enn i klasserommet heime, men også fordi det er ein annan kultur enn den heimlege. Men med den audmjuke haldninga som bur i dei, er også læringa formidabel. Alt dette gjer meg veldig glad og håpefull for framtida.
Måten dei greie å byggja relasjonar og vennskap til unge her i Bolivia er fantastisk, sjølv om ungdommane her borte også har mykje av ære for det. Måten dei greier å kommunisera på, trass i språklege begrensningar, er like fantastsik.
I morgon skal vi først til Primero de Mayo, og besøkja Alejandro, som braut ryggen for ca 15 år sidan og sit i rullestol. Etterpå har vi eit par invitasjonar som vi skal følgja opp her i Cochabamba.
Takk for forbønn. Gud gjer store ting.
Johannes og Signe i god prat med Punata-ungdomar.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar