I slutten av januar reiser eg fire dagar til Tjekkia for å gje godt nytt til innsette i tjekkiske fengsel saman med Jan Eriksen. Det er omlag 30 år sidan eg vart kjend med Jan første gongen. Han var på besøk hjå dottera si som budde i nabolaget vårt på Sandsli. Eg tok kontakt og fekk han inn på bibelskulen ein time for å dela litt av historia si. Sidan den gongen har vi hatt mykje kontakt og utvikla eit nært vennskap. Ein av mange berikande ting med dette vennskapet er at eg har fått anledning til å sjå verknaden det radikale evangeliet har i livet til innsette både i europeiske og asiatiske fengsel.
Evangeliet er ikkje eit alternativ blandt mange, men eit ultimatum, sa evangelisten Reinhard Bonke ein gong. Det radikale og sanne evangeliet, vil aldri vera noko anna enn eit ultimatum.
Eg kjenner meg utfordra, ikkje berre på eigne vegne, men på våre felles vegne til å vera tydelegare i presentasjonen av bodskapen om Guds rike. Dette har mange sider og treng å berast av kjærleiken til dei fortapte. Brannen i hjarta treng å vera full av Guds visdom. Orda må vera fulle av Guds kraft. Men vi treng å spørja oss sjølve: Kva er vårt evangelium til verda? Når eg ser på kor vi er idag, er det mykje bra. Likevel kjenner eg at vi kan gjera det endå betre.
Eg las i dag i 1 Krønikebok om David som henta heim paktskista frå Obed-edoms hus til Jerusalem. Det lukkast til slutt, men det gjekk gale ved første forsøk, fordi dei ikkje hadde hugsa på, eller vore nøye med Guds ord og forordning. Vi går inn i tider med vekkjing. Og eg kjenner på at om vi skal bera den salving som Gud vil gje oss i ei varande rørsle frå Guds side, må vi audmjuka oss og be, men vi må også vera nøye med å halda høgt, heile sanninga i evangeliet, og i heile Guds ord elles også.
Guds kjærleik må få driva menneskefrykten ut. Tre gonger har eg høyrt talen til Keri Jones frå Lys og Salt sist sommar. Eg oppmodar gjerne til å høyra den på sidene til Krinet. Vi må hjelpa kvarandre til å vera djerve og ikkje missa motet. Vi har fått tenesta ved Guds miskunn. Kan vi klargjera oss til det som kjem? Kan forventninga og trua veksa saman? Kan Herren få vekkja oss opp til vekkjing?
Evangeliet er eit ultimatum for alle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar