mandag 19. august 2024

Ei ny tid for menigheten

Det er ei ny tid for menigheten. Ei ny tid inneber ulike viktige ting. Vi snakka ein dag saman og det var ein som sa: Nytt lokale, ny tid - kva no? Det er både ein viktig proklamasjon og eit viktig spørsmål.


For det første er det viktig å gripa at når det er ei ny tid for noko, så er det også ei tid som er ferdig. Det krevs av oss at vi lever dagen idag i lys av dagen i morgon og ikkje dagen i går. Paulus seier det på denne måten i Fil 3,13-14:

Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, 14 og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.


Ofte siterer vi dette verset i samband med gamle nederlag eller dårlege erfaringar frå fortida som plagar oss. Og det er bra. Men det går an å sitja fast i det gode også. Det var godt når det var Guds tid for det, men det er ikkje bra å sitja fast i det som ein gong var bra når Gud vi ha oss inn i noko som er endå betre. Det er lett å venna seg til det som vi syns er bra, enten fordi det er inspirerande, eller makeleg, behageleg, ikkje for krevande,  passeleg utfordrande, innafor komfortsonene våre, litt på min eigen måte etc. Men det er ikkje sikkert det har ei framtid i vandringa med Gud fordi det var bra i går. Visst det ikkje har det, la oss gløyma det som ligg bak og strekkja oss etter det som ligg framfor i ei ny tid. Og Gud har tala til oss og sagt at det er ei ny tid for oss.


Det er to ting eg vil understreka som er viktig at vi alle gjer, og som Gud har tala igjen og igjen til oss i profetiske ord over fleire år. Med kjærleik og ei mild stemme har han minna oss om dette om og om igjen. Det er kallet til å søkja han og kallet til å nå ut. Eg vil starta med det første av desse i dag.


Søk Herren av eit heilt hjarta. 

            2Krøn 26,4-5: Ussia gjorde det som rett var i Herrens auge, slik Amasja, far hans, hadde gjort. 5 Han søkte Gud så lenge Sakarja levde, han som skjøna seg på gudssyn. Og så lenge han søkte Herren, gav Gud han framgang.


            Eg har sett ein del youtube videoar om det norske oljeeventyret. Heilt frå Jens Evensen og co gjorde krav på suvereniteten på norsk sokkel, gjennom prosessane med oljeleiting og etterkvart starten på utvinning med ein kompleksitet som for ein uerfaren nasjon var enorm og gjennom ei enorm utvikling på teknologi i produksjon, foredling, transport etc. Mens eg såg på dette, talte Gud til meg: Ser du for ein visdom eg har gitt til menneske på alle hald, fordi eg ville velsigna landet dåkas. Kor mykje meir visdom skal eg ikkje gje til mitt folk som gir seg sjølv til å tena min plan for landet, når dei søkjer meg av eit heilt hjarta?



            1.Krøn 28, 9-10:

            Og du, Salomo, son min, lær din fars Gud å kjenna, og ten han heilhjarta og villig! For Herren ransakar kvart hjarte og kjenner alle tankar og planar. Søkjer du han, lèt han seg finna. Men vender du deg frå han, støyter han deg bort for alltid. 10 Innsjå no at Herren har valt deg ut til å byggja eit hus for heilagdomen. Ver sterk og gå til verket!

            Lær Gud å kjenna. Vi lærer ikkje Gud å kjenna skikkeleg berre ved å ha intellektuell kunnskap om han. Vi lærer Gud å kjenna når vi tek steg i tru og går dei stega saman med han. La oss bevega oss i det området der vi er desperat avhengige av hans kraft, hans inngripen, hans nåde, der vi er fattige i oss sjølve og så små i oss sjølv at vi ikkje har noko å tapa på å vera fullt og heilt i hans kontroll. Det er i den vandringa vi kjenner på kroppen kor god og kor trufast Gud er, og kor underfulle ting han kan gjera gjennom vår lydighet i tru og våre steg som trass alt er ganske små. Hans kraft blir fullenda i vår svakhet. Svak i oss sjølv, men sterke i Gud og hans veldige kraft. 


            Din fars Gud - Han som var Gud for David, for Abraham, for Moses og for alle dei Gud har brukt gjennom historia, han er din Gud.

            Ten han, heilhjarta og villig. Gjer som David sjølv gjorde. Han gjekk inn for Herren og sa: Salme 139:

            Herre, du ransakar meg og du veit – du veit om eg sit eller står, på lang avstand kjenner du mine tankar. Om eg går eller ligg, ser du det, du kjenner alle mine vegar.

            Før eg har eit ord på tunga, Herre, kjenner du det fullt ut. Bakfrå og framanfrå omgjev du meg, du har lagt di hand på meg. Det er eit under eg ikkje skjønar, det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.

—---

            23  Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarte, prøv meg og kjenn mine tankar! Sjå om eg følgjer avgudsveg, og lei meg på den evige vegen!


Gud kjenner deg og kjenner draumane, lengslane, områda i tankane dine der du har sett for deg korleis du kan tena Gud, draumen din om å få vinna menneske for han, lengselen etter å ha nokon du kan trena opp i Herrens veg som du sjølv går på. Alle desse gode tinga som har vore i tankane og i draumane, men som  har blitt realitet i noko mindre grad enn du kanskje såg for deg for lang tid sidan. 


No er det ei ny tid med tid for nye realitetar. Gløym det som er bak, tida som var så ufruktbar at den neste kvelte draumen. Gud skal gje deg andre erfaringar - søk han heilhjarta og villig og ta sjansen når han leier deg.

Og så er der stor visdom i vers 23 og 24.  La Gud få hjarta og tankane våre i sitt eige, og la han hjelpa oss ut av alle ting som ikkje er hans veg for oss. 

Løftet er: Om du søkjer han, let han seg finna. Søk han utan å gje opp, søk han seint og tidleg. Og mens du gjer det så legg du vinn på å tena han. Det er ofte slik at iveren etter å tena Gud hjelper oss til å sjå hans leiing. Paulus søkte Gud for korhen han skulle dra vidare på si misjonsferd. Han søkte Gud, men det tok tid før svaret kom, I mellomtida prøvde han her og prøvde der. Eine plassen fekk han nei frå DHÅ, ein annan plass opna det seg inga dør. Men han slutta ikkje å tena - og så kom draumen han hadde venta på han reiste over til Makedonia og starta menigheten i Filippi.


I dette å vera heihjarta for Herren, så er det ein ting vi må passa oss for, og det er kompromiss med verda. Eg meiner dette veldig alvorleg. La meg sei dette: Sjølv om ei negativ utvikling kan gå over så mange år før det blir synleg for alle, at vi nesten ikkje merkar det, så er kompromiss starten på eit fullstendig havari. Om vi som er kalla av Gud ikkje seier nei til ting som Gud hatar, så er vi på ein farleg veg. Litt surdeig, syrer heile deigen. Når Gud talar om ei ny tid for oss som menighet, så seier eg: JA; AMEN; PRIS HERREN; HALLELUJA. På same tid kjenner eg på ein gudsfrykt. Tanken på tider der Gud renner ut sin heilage ande over eit heilagt folk som står i vekkelse og Guds kraft, så blir eg skjelven i beina om vi skulle gå i kompromiss med verdens ugudlegdom. 


Det er så mange i Bibelen som desverre aldri levde opp til dei føresetnadane dei hadde fått frå Herren. Og det er lærerikt for oss å sjå kva som vart til hinder for dei. Kong Saul er ein av dei. Og sjølv om grunnane var fleire og samansette, trur eg han summerer det opp ganske bra opp sjølv i møte med Samuel: 1. Sam 15,24: 


            Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei.

            Frykten for menneske var større enn gudsfrykten. Gud gav Saul mykje og ville at han skulle lukkast, men menneske betydde meir for han enn veien Gud hadde sett for han. At han var sikker på at folk rundt han støtta han, betydde meir enn lydighet mot Gud. Han var faktisk ganske liten i eigne auger. Det kunne vore ein god kvalifikasjon om han berre hadde søkt styrken sin i Gud og ikkje i menneskeleg tryggleik. 


            Endåtil den vonde israelskongen Akab som levd på profeten Elia si tid, kunne kome betre ut enn han gjorde. Det står om han:

            Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det. Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane. (1 Kong 21,25-26)


            Hadde han styrt som konge og styrt som mann i familien, kunne fort ettermælet hans blitt eit anna. For sjølv han aumjuka seg, reiv kappa si sund og fasta for Herren då Samuel profeterte Guds dom over slekta hans. Og Gud såg at han audmjuka seg og lønna han for det. Han hadde noko godt i seg han og, men Jesabel kona hans, var demonisk vond frå A til Å. Ho styrte fullstendig Akabs liv fordi han ikkje styrte. Men det var han Gud held ansvarleg. Vi må tenkja på kva relasjonar som skal influera framtida vår, slik at ikkje andre ting enn det Gud vil for oss får vera førande.



Kva menighet ser du?

Eg ser ein menighet som brenn for Gud, som brenn for på alle måtar og i alle område reflekterer Gud herlighet, hellighet, reinhet, salvelse og kraft.

Eg ser ein menighet som brenn for å byggja det fantastiske byggverket Jesus gav livet sitt for å få bygt mellom oss.

Eg ser ein menighet som lyser som ein by på eit fjell så klart at folk i nærleiken seier til kvarandre: Kom lat oss dra opp til Herrens fjell, så vi kan læra Jakobs Gud å kjenna og gå på hans vegar.

Eg ser ein menighet som Guds Ords lære går ut frå, der hungrige menneske kan koma og få undervisning og rettleiing i livet som bergar familiar, ekteskap og livet til unge menneske. 

Eg ser ein menighet som folk rundt seier om; sjå, kor dei elskar kvarandre.

Eg ser ein menighet som når folk kjem innom på Kolltveit, fell på sitt ansikt og seier: Gud er sanneleg i blant dåke.

Eg ser ein menighet som kvar gong dei kjem saman, gjev ein invitasjon til frelse som blir besvart med ekte omvending og overgivelse fordi evangeliet som blir forkynt ikkje er eit svakt og lettvindt budskap som berre appelerer til menneskelege behov, men som forandrar menneske i møter med Jesus.

Eg ser ein menighet som når ut til dei svake, dei fattige, dei rundt oss som treng ei handsrekning, og som i tillegg får vitnesbyrdet om Jesus og evangeliet forklart for seg.

Eg ser ein menighet som på øy etter øy, møter menneske i heimane til stadig nye folk, som deler liv, deler Guds ord, bryt brødet og gjer stadig nye nettverk av menneske til læresveinar.

Eg ser ein menighet som fyller kysten med levande lyspunkt, som speier seg frå Kolltveit og sørover til Sund og Austevoll og nordover til Fedje, Gulen, Solund, Fjaler, Askvoll, Kinn, Bremanger og Stadt.


Er det mulig?

Det er nok folk i dette rommet til å snu opp ned på heile Europa. Verden har endå til gode å sjå kva Gud kan gjera gjennom ein person som er fullt og heilt med Gud, var det ein som sa. Det betyr ikkje at det ikkje har vore mange som har vore heilt og fullt med Herren. Alle dei har levdt ut sitt kall og ville sjølvsagt aldri kunna nå lengre enn det. Det einaste det kjem an på er Gud som kallar og responsen hjå dei som blir kalla. La oss stilla oss disponible for Gud med alt vi er og alt vi har, kalla på hans navn og gå med frimodighet uten å la oss stoppa av at vi bommar, gjer feil eller kjem til kort. Gløym det som er bak og jag etter det som ligg framfor. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...