Eit samfunn som byggjer alt på at Gud ikkje fins, som opnar opp for, og som byggjer opp under fritt og ansvarslaust å leva i synd og sjølvnyting, får ei førstefrukt i form av øydelagde liv. Gud førebur oss i dag til å ta imot folk med problematisk bagasje. Eg har tenkt på kva som vil vera våre viktigaste verktøy for å løysa utfordringane.
Vi trur på vekkjing også i vårt land, og vi veit at når det skjer i aukande grad, så vil vi få i hendene, mange folk med store utfordringar i bagasjen. Liv i ruinar, øydelagde relasjonar som har gitt store og langvarige skader, psykiske problem, identitetsforvirring og mykje anna. Synd øydelegg liv. Unge menneske gjer seg erfaringar med alt frå hardporno til dop og vald. Mangel på rollemodellar og trygge oppvekstvilkår. Vi kunne nevna i fleng ting får konsekvensar for menneske som blir utsette for det.
Korleis skal vi handtera alt dette i tida som kjem? Det er veldig, veldig langt frå at eg har heile svaret på det. Eg er ingen spesalist på korleis nokon av desse utfordringane skal løysast. Men det lett å forstå at vi vil vera desperat avhengige av Guds kraft til å løysa folk frå det gamle livet og fylla dei med kraft til eit nytt.
Gud er ein Gud som gjenreiser. Hans plan er ein gjenreisingsplan. Og hans ord har kraft til å forandra menneske frå minus til pluss. Jesus er det sanne lyset, og dei som kjem til han, vil han føra ut av mørkret og inn i lyset. Han fører menneske frå Satans makt og over i sin kjære sons rike. Guds rike har kome nær. Hans rike er ikkje religøse tankar og tome ritualer. Hans rike er eit åndeleg rike med kraft til å løysa menneske frå det vonde og fylla både menneske og samfunn med kjærleik, glede og fred i Den heilage ande. Guds rike er eit fredsrike. Fredsfyrsten, Jesus, gir oss ikkje fred på den måten som verda gjer, men ein annan type fred som berre Gud kan gje. Evangeliet er fredens evangelium. Og dette evangeliet har kraft til å forandra og gje nytt liv, ny identitet og eit nytt indre å leva ut frå.
Ein ting er å ta seg av menneske som alt har store problem i liva sine. Det er alltid krevande. Men det er like viktig å hjelpa folk til ikkje å havna i nye problemer. Når liv først har blitt skada, kan det vera ei krevande øving å læra seg å leva på ein ny måte. Guds hjelp til dette kan ikkje ein gong forståast ut frå terapeutiske, medisinske og psykologiske perspektiv. Eg meiner ikkje at ikkje desse tinga er viktige, men dei kan aldri gjera det med eit menneske som Jesus kan gjera. Og ein ting som aldri kan bli forstått ut frå reint verdslege perspektiv, er kva kraft som ligg i "Ordet om Kristi kross". Dersom ordet om krossen misser si kraft, har vi lite anna å tilby enn det som dei fleste andre kan gjera betre enn oss.
Lova som Gud gav gjennom Moses, kunne aldri frelsa nokon. Det nye testamentet lærer oss at lova var åndeleg og god, når den blei brukt til det den skulle brukast til. Men det var aldri meininga at menneske kunne bli frelst ved å halda lova. Guds rettferd har aldri blitt eit menneske til del ved noko anna enn tru. Eit problem, langt større enn lovbrot, var og er, den syndige menneskenaturen som vi alle har arva frå opprøret. Det er den alle lovbrot spring ut frå. Der det ikkje er noko lov, er der heller ikkje lovbrot. Sjølvsagt kan ein ikkje bryta lover som ikkje fins. Men synd derimot, har det vore i verda frå lenge før lova kom. Det å følgja den syndige menneskenaturen står i total motsetnad til det å tru på Gud. Difor sa Jesus at "synd er at de ikkje trur på meg". Menneskenaturen set oss sjølv i sentrum, gjer oss sjølv til herre i våre eigne liv og gjer oss uavhengige av Gud. Gud gav sine lover, dei fleste lagar sine eigne lover ut frå sin eigen moralske standard, livsfilosofi og menneskesyn og gjer sitt beste for å følgja sine eigne rette prinsipp. Det dei fleste ikkje forstår, er at å følgja sine eigne tankar og lyster, er å leva manipulert av den ånd som verkar i dei ulydige.
Sanninga er at verken dei lovene Gud gav oss eller dei lovene ein lagar sjølv kan løysa det eigentlege problemet menneske har, sjølv om vi skulle evna å leva dei ut til punkt og prikke. Så kva er løysinga på problemet då?
"Det som var umogeleg for lova, sidan ho stod makteslaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. Han sende sin eigen Son som syndoffer, i same slag kjøt og blod som menneske har, og held dom over synda i oss." (Rom 8,2-3)
Gud har aldri tenkt tanken på at den gamle syndige menneskenaturen kunne forbetrast. Ein kan reparera falleferdige hus og restaurera gamle bilar, men den gamle menneskenaturen har inga framtid. Den kan aldri unnsleppa Guds dom, fordi den dommen har Gud alt fullført. Spørsmålet er berre om vi vil ta dommen sjølv, eller ta imot han som tok den for oss. I det siste tilfelle skjer det som ingen vitskap kan forklara; vårt gamle menneske døyr med Jesus på krossen, vi blir gravlagde med han i den påfølgjande dåpen og vi blir reiste opp igjen med han til å leva eit nytt liv i ein ny natur som nye skapningar i Kristus.
Då lærer vi å rekna oss som døde for synd og alt det som høyrer det gamle livet til og levande for Gud i Den heilage ande som tek bustad inne i oss. Det er det som kallast "å bli fødd på nytt". "Den som ikkje blir fødd på nytt kan ikkje sjå Guds rike", sa Jesus. Endå mindre koma inn i det.
Så er det då ved på Jesu verk krossen vi blir forsona med Gud i eit nytt liv. Like viktig er det å leva ved å ta opp vår eigen kross.
Så sa han til dei alle: «Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og følgja meg. For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal berga det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men mistar seg sjølv og går til grunne? For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i sin og sin Fars og dei heilage englars herlegdom. (Luk 9,23-26)
Eit evangelium utan Kristi kross, er eit ubrukeleg evangelium. Det har ingen løysande kraft. Kvar den som kallar på Herrens navn, skal bli frelst. Då må vi kanskje koma til enden av seg sjølv, falla ned ved korset og gripa Guds forsonande nåde som han gir på grunnlag av blodet som rann for oss.
Jesu kross var den krossen han hadde fått å bera. Ingen andre kunne bera dette. Ingen andre kunne forsona himmel og jord ved å bli ofra som eit soningsoffer for heile verda. Vi er ikkje bedt om å bera hans kross, men å ta opp vår kross og følgja etter han. Dette er ikkje vanskeleg når vi ser at vi alt er døde. Vi døydde med han. Den åndelege realiteten i Jeus død, er at vi fekk del i hans død, hans gravferd, hans oppstode og hans himmelfart.
Veit de ikkje at alle vi som er døypte til Kristus er døypt til døden han. (Ef 6,)
Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei. (2 Kor 5,14-15)
Døden han døydde, den døydde han for synda, éin gong for alle, men livet han lever, det lever han for Gud. På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus. (Rom 6,10-11)
Det greske ordet for å "rekna" her i Rom 6,11 betyr ikkje å lata som om eller prøva å innbilla seg noko, men å ta konsekvensen av ein fullført kjensgjerning. Kjensgjerninga er at Jesus døydde, og at når vi overgir oss til han i omvending, tru og dåpen i vatn, så blir heile vår syndige menneskenatur inkludert med Jesus i hans død, gravferd og oppstode. Frå då av kan vi ta konsekvensen av dette og leva fri frå det som ikkje har makt over den som er død. Og synd har ikkje lenger makt over den som er død. Å seia at vi ikkje har synd, er å lyga og gjera Gud til ein løgnar. Men makta er broten og vi er fri til å leva for han som døydde og stod opp.
Å få tilgjeving frå Gud er fort gjort så sant der er omvending til han, men det kan ta lengre tid å reparera eit øydelagt liv. Sjølv om synda er sona og tilgjeving gitt, så kan krafta i vonde ting slita hardt om vi ikkje har kome til slutten av oss sjølv ved foten av krossen. Ordet og krossen er ein kraftfull nøkkel som har blitt undervurdert og erstatta av fleire kraftlause alternativ. Men det er einaste vegen til full gjenreising.
Evangeliet er ikkje å koma til Jesus og ta han med seg i lommen der der vi held fram som før i vår eiga vandring. Heller ikkje å søkja eit enklare liv med han på laget. Det er heller å innsjå at vi alle treng ein frelsar og at det ikkje fins andre enn han som vart send for å frelsa oss frå den evige domen ved å forsona oss med sitt eige blod. Det er ikkje gitt oss andre navn å bli frelst ved enn hans navn som vart send av ein far som elska så høgt at han gav sin eigen son, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Tru er ikkje å ha ei teoretisk førestilling, men ein personleg og levande relasjon i total avhengighet og full tillit. Om vi ikkje er tydelege på dette vil vi neglisjera den største og viktigaste krafta som fins for å hjelpa nedbrotne menneskeliv inn i eit heilt nytt og gjenreist liv som nye skapningar i Jesus Kristus. Om vi er tydelege på det, kan vi sjå Guds kraft i aksjon på ein fantastisk måte.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar