Det er ein viss tradisjon over teamturane til Bolivia, men det er også nye dører som opnar seg. Kanskje det er desse nye dørane det er knytt mest spenning til. Først vil eg sei at eg er svært takksam for at Dag Sveinung blir med på denne reisa. Det vil vera ein stor styrke for heile teamet og for meg personleg. Han er ein vis og erfaren person som eg har stor respekt for. Dei to elevane frå bibelskulen er påkopla med heile seg. Eg er overtydd om at vi saman vil sjå Gud gjera sterke ting i det vakre landet, Bolivia.
Dei nye dørane som har opna seg opp er først og fremst fengselsdører. Eg har vore på ein del fengselsbesøk etterkvart, men aldri i Bolivia. Tidlegare har eg vore saman med Jan Eriksen. Denne gongen er det heilt nye kontaktar som har opna seg gjennom tenesta til ein høgt respektert politimann frå Sveits som eg var saman med i slovakiske fengsel i november. Det blir rart å ikkje ha Jan Eriksen der. Det viktigaste er at Gud er der. Om han ikkje møter dei vi møter, har vi ingenting der å gjera. Men han vil vera der. For han er med oss alle dagar så lenge verda står. Og det har vi erfart fram til no. Men så er i alle fall den sveitsiske politimannen der. Eg gler meg stort til å treffa han igjen. For han har også reist til Bolivia samstundes som oss for å vera med på det som Gud gjer der. Eg blir audmjuk og rørt berre av å tenkja på dette.
Eg gler meg til å treffa igjen alle søsken i forsamlingane. Eg gler meg til å treffa nye menneske som har blitt lagt til. Eg gler meg til å treffa leiarane vi har jobba saman med gjennom mange år. Nokre av dei har vore på besøk hjå oss her i Norge også. Og eg ser fram til å treffa igjen David Larson. Det er gjennom denne svenske misjonæren at dørene har opna seg for oss til Bolivia. Han og familien vart utsend frå Sverige til Bolivia som misjonærar, men etter nokre år vart forsamlinga dei var ein del av lagt ned. Etter råd frå andre misjonærar i Bolivia fekk dei råd om å kontakta Kristent Fellesskap i Bergen. Det gjorde dei ved eit norgesbesøk i 2005 og vart ein del av menigheten i Bergen. Året etter sende vi det første teamet av elevar på praksis til Sør-Amerika og til Bolivia. Eg var ikkje med på denne turen og hadde heller inga interesse for å vera med. Det var kollega Kirsti Wågø som leia det første teamet over dammen. Året etter føreslo eg for rektor at han skulle spørja Kirsti om å ta ein ny tur med studentar. Men same dagen møtte Gud meg i gangen då eg kom heim, og sa: Du må reisa til Bolivia. Eg hadde eigentleg ikkje lyst å reisa nokon plass, men gjorde heilomvending på ordet eg fekk, og reiste. Det var starten på eit nytt kapittel i livet mitt. Det vi har fått vera med på der og det vi har sett Gud gjera, fører meg berre inn i undring over Gud, kor rik han er på nåde og kor stor hans kjærleik er.
Så når vi no har gjort oss klar til ein ny tur, er det med denne merkelege kombinasjonen av entusiasme og ærefrykt. Faren med å ha lang erfaring er at det er lett å setja forventningar tilbake på det som har vore før. Spenninga med alt det nye, er at det held entusiasmen i ballanse med ei sterk kjensle av å vera hjelpelaus og avhengig av Gud. Det er denne stadige erfaringa av å ha skatten i skjøre leirkar som kjennest sterkast. Men om ikkje leirkaret går sund blir heller ikkje skatten frigjort.
Eg stiller spørsmålet til meg sjølv: Kva er det du mest ser fram til med turen? Etter å ha tenkt nøye gjennom spørsmålet, kjenner eg at svaret er; å stå i gapet mellom eigen svakhet og Guds kraft. Det er slik tru fungerer. Den useielege takksemda som fyller oss når vi ser Guds kraft og veit kor lite det hadde med oss å gjera, er alltid like sterk. Å sjå dei unge sine kostelege og dyrt erfarte steg i tru, gjer meg lukkeleg. Å høyra vedkjenninga av Guds ord i usikre omstende, er som den vakraste musikk, når vi veit at det ikkje berre er ord, men ord tala i tru og med vilje til å gå nye steg.
Her på denne bloggen vil eg leggja ut rapportar om litt av det vi er med på. I dag er det søndag. Vi reiser på tirsdag.
Maisåker ved Cuchumuela

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar