torsdag 17. april 2025

10 de febrero

Diez de febrero (10. februar) er meir enn ein dato. Det er navnet på eit område med gågater der begge sidene av alle gatene er fulle av små salgsboder. Her pleier vi å gå rundt og snakka med folk om evangeliet og be for folk. Ein av oss ber på ein plakat der det står "Treng du forbønn?" Så vil folk som treng forbønn vinka oss bort til ei av salgsbodene og dela om problema sine. Ellers tek vi berre kontakt og deler evangeliet og gir dei ein bibel eller eit nytestamente. Eg fekk kjøpt 100 fullstendige biblar for 15 kroner stykke. Men gleda mange opplever av å få ein slik softback-bibel er så stor at ein nesten skulle tru den kosta ein formue. Men den eigentlege verdien av å ha og lesa i bibelen, kan ikkje målast i pengar. 

Så i dag har vi bedt for mange. Mange treng ikkje forbønn sjølv, men vil at vi skal be for familiane deira. Det er ufatteleg kor mykje lidelse det er i mange familiar. Vi har delt oss opp i to eller tre grupper og gått rundt i området både i føremiddag og no i ettermiddag. Fleire frå menigheten her har vore med og hjelpt oss med tolking, men også snakka med mange på eiga hand. Eg hadde gledd meg til idag, fordi eg såg fram til at elevane skulle få oppleva å kontakta folk, dela evangeliet, be med dei til frelse og instruera dei litt i viktige ting for å ta vare på livet i Gud. 

Til saman har vi leda 17 stykker til Jesus ute på gata. Det har vore veldig interessant å sjå kor fulle av glede dei blir når dei har tatt imot Jesus og vi har bedt for dei. Når dei forstår at dei får ein bibel i tillegg er gleda endå større. 

Eg og Dag Sveinung, har saman med David vore å besøkt to familiar som ikkje er med i menigheten, men som har relasjonar til ei i menigheten som heiter Vivi. Grunnen til at vi besøkte desse var, i den eine familien, at ei 16 år gamal jente er veldig svekka av kreft. Ho er ikkje oppgitt av legane, men får no cellegift-behandling. Ho var ikkje kristen, heller ikkje foreldra og eine søstera hennar som var der. Men før vi bad for jenta, delte David evangeliet og dei tok alle imot Jesus. Det var ei sterk stund når vi bad for henne også.

Hjå den andre familien var det ein mann rundt 50 som hadde kreft. Han var heilt oppgitt av legane og venta berre på å dø. Han sat i rullestol. David utfordra meg til å dela med dei frå Guds ord. Så eg tok utgangspunkt i konsekvensen av det tragiske fallet i hagen, og delte evangeliet ut frå at Gud er ein Gud som gjenreiser alle ting og fullfører sin frelsesplan. Både mannen, kona hans og to andre i familien som var der, tok imot Jesus. Vivi, som kjenne begge familiane, kjem no til å ta dei begge med på disippelkurset "Mulitiplicando Creyentes".

Så når vi på slutten av dagen, har litt moro med oppteljing, har 25 menneske tatt imot Jesus idag. Takk Gode Gud.

På kvelden i dag hadde vi bønnesamling i menigheten. Der la vi hendene på, og bad konkret for personar som har det vondt. Det var ei sterk stund. Ei av dei unge kvinnene i menigheten som Nahier opplevde Gud talte til ho om, fekk lyst til å bli døypt i Den heilage ande. Vi la hendene på henne. Ho gjekk i golvet og talte i nye tunger, akkurat slik vi såg det skjedde med fleire i fengselet i går. Det var ein flott kveld. Vi takkar Gud for alt det gode han gjer. 

I morgon har vi ei bestilling frå ein kristen skule ikkje langt herifrå. Dei vil ha litt undervisning om Påske. Og kva passar betre enn å gje den oppgava til Dag Sveinung. Ingen har betre erfaring med klasseromsundervisning enn han. Men om han er van med å ha alle klassetrinn samla i ein klasse, er ei anna sak. Men den utfordringa tek han på strak arm.  

Etterpå set vi oss i bilen og reiser til La Paz. Der ventar nye utfordringar og nye sigrar for Guds rike.

1 kommentar:

  1. Det er berre fantastisk å lesa! Gud er god!🙏🙏

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...