søndag 20. april 2025

Avslutning i La Paz

I går kveld (lørdag) hadde vi først evangelisering med menigheten i La Paz. Vi inviterte inn folk frå gata på eit gratis varmt måltid og mens dei sat og åt, delte vi evangeliet med dei og underviste dei litt i korleis ta vare på og veksa i livet med Gud, som dei alle takka ja til å ta imot. 

Husa i El Alto står heilt på kanten av stupet.

Folk kjem sjølvsagt ikkje inn samstundes, så vi må dela Guds ord i fleire venningar. Det var eg og Jacob som delte på dette og kjørte fem rundar med forkynning / undervisning. Sidan det var påskeafta, var det ikkje så mykje folk ute i gatene som det pleier, men eg vil tru at 20-25 personar av begge kjønn og i alle aldrar kom innom og fekk mat både for kropp, sjel og ånd. Somme hadde behov som vi fekk be for. 

På ettermiddagen hadde vi sightseeing i La Paz. Vi såg byen frå lufta ved å reisa med gondolbanene som knyter heile byen saman med eit velfungerande trafikksystem. Dessutan var vi rundt i byen og stoppa mellom anna på Plaza Murillo, ved parlamentsbygningen. La Paz er noko for seg sjølv og på lista over dei sju underverk (av byar, vel å merka). Eg trur byen gjorde inntrykk på alle.

Parlamentsbygningen på Plaza Murillo

På kvelden i går var det ungdomsmøte. Jacob talte og Nahier fungerte sterkt i kunnskapsord, som ho pleier. God samling!

I dag pakka vi sakene våre før frukost og reiste til gudstenesta som starta klokka 10:00. Det var ei veldig god samling med Guds nærvær når ordet vart forkynt og stor glede både for meg og menigheten å møtast igjen. Vi kan hjelpa dei på mange måtar, men det at vi kjem frå Norge og reiser til La Paz for å besøkja dei, gjer eit heilt spesielt inntrykk på dei alle. Det at vi kjem er viktigare enn det vi gjer, men eg trur at det vi får gjort også er veldig betydningsfullt. Vi måtte raska på og springa litt fort frå møte for å rekkja flyet. Vi var alt ute i seinaste laget, men for ein gongs skuld kom vi fort ut av byen utan trafikkaos og uten problemer med trafikken oppe på El Alto. Flyet gjekk på slaget og vi er no tilbake i Cochabamba. Her er det 27 grader og god klestørk. 

Om ein god times tid, reiser vi ut til Zona Zur for å vera med på møte i ein pinsemenighet der. Han som er pastor der er ein dyktig bygningsmann. Det var han og David som bygde huset her i El Bosque, der vi bur. Vi var i menigheten der i fjor også. Det blir fint å treffa dei igjen og spesielt Severo, som han heiter. 

1 kommentar:

  1. Takk for gode rapporter Norleif! Det er godt å lesa om søskena våre i La Paz og godt at dåke blir så godt tatt i mot!🙏😃

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...