tirsdag 22. april 2025

Familiebesøk i CBBA og Primero de Mayo

Ny dag i Cochabamba, den siste heile dagen, før vi set kursen nedover mot låglandet og byen Santa Cruz. Eg har stått opp klokka 06:00 for å ha tid til ein liten times spasertur i området, men sidan det er noko så sjelden som regnvær ute, får eg heller oppdatera litt meir frå dagen i går. Ein reiser nemleg ikkje til Bolivia med regntøy, og i morgon tidleg skal det pakkast. 

Men vi hadde ein fin ettermiddag i går. Lunsjen tok vi på restauranten til den mest profilerte sangaren og musikaren i heile Bolivia, Juri Ortuño. Eg vart kjend med han for mange år sidan og var i heimen hans den gongen. Og jammen dukka han opp under måltidet vårt og alle i timet fekk helsa på han. Han meinte at eg såg akkurat ut som før, og eg sa det same om han. Heilt sannferdige var vel kanskje ingen av oss. Tida får til slutt auga på dei fleste.

Så var vi på La Cancha og kjøpte litt forskjellig småtteri. På programmet hadde vi eit familiebesøk på kvelden. Det var ei god stund med familien der. Fin bønnestund med dei mot slutten. Ei av damene i huset sleit med smerter i ryggen og nedover i beina. Vi bad for henne og ho reiste seg, dansa og sprang opp og ned trapper for å prøva ut rygg og bein. All smerte var borte. Ære til Gud.

Denne føremiddagen skal vi besøkja Alejandro og familien hans. Dei bur i Primero de Mayo, som ligg litt utanfor Cochabamba på andre sida av byen. Alejandro knekte ryggen i eit arbeidsuhell då han var 18 og sit i rullestol. Det blir ei fin oppleving for teamet og møta han og familien som bur i fattigslege hus og under primitive forhold. Vi er aldri i Bolivia utan eit besøk hjå dei. Han har starta ein liten butikk på andre sida av forhenget i soverommet sitt, med dør ut. Tidlegare selde han snacks og litt basismatvarer. Då pandemien kom vart konkurranse større på grunn av alle heimeværande som gjorde det same. Men så fekk han råd om å leggja om til varer med større lokal etterspørsel, og sel no skrivebøker og andre skulerelaterte ting. Eg gler meg til å møta familien igjen og ber om at regnet gjer seg før vi reiser her ifrå i 10-tida.

På ettermiddagen i dag, skal vi på ein fotballskule som ligg på andre sida av byen, i Zona Sur. Eit ektepar i menigheten her driv denne skulen. Det blir det aller siste oppdraget her i Cochabamba, bortsett frå å vaska oss ut av det fantastiske huset vi har budd i. No er det hotell i Santa Cruz som ventar. Håpar å få lagt ut ein liten rapport derifrå også før vi tek til på turen heimatt, via Sao Paulo og Frankfurt am Main. Etter planen skal vi vera heime seint lørdag kveld. 

1 kommentar:

  1. Du må helsa masse til Alejandro!😃🙏

    SvarSlett

Oppløftande utvikling i Cochabamba

I går kveld var teamet på ungdomsmøtet og hadde ein god del ansvaret der. Eg var ikkje med dei av ulike årsaker, sjølv om eg kjenner meg mes...