San Sebastisans herrefengsel har 1000 innsette. Eitt hundre av desse er kristne frå ulike kyrkjesamfunn. Vi hadde evangelistisk møte der fredag kveld, der Felix og eg delte evangeliet. Tre forsamlingar i byen hadde laga varm mat som tilsaman var rekna å skulle halda til 400 personar. Matutdeling var føresetnaden for å koma inn og ha ei slik samling. Heile teamet frå Norge var klarert på førehand saman med folk frå alle dei tre forsamlingane og sjølvsagt politimannen frå Sveits, Felix og Ruth, kona hans.
I Bolivia er det økonomisk krise. Staten har ingenting å bidra med. Innsette får ikkje nok mat, og heller ikkje dei daglege pengane dei har krav på. Vi hadde mat til 400 svoltne menn, som på uforklarleg vis rakk til alle, og mange fekk to gonger. Boka til Jan Eriksen har blitt trykt på spansk her i Bolivia og vi hadde den med.
Det er noko som heiter at jo fleire kokkar, di meir søl. Men det ordtaket syns eg blei gjort til skamme. Mange menneske var involvert i matlaging og organisering og både politi og innsette uttrykte stor takk. Vi kom inn i eit stort rom, der alle innsette såg ut til å vera til stades. Midt i rommet jobba mange med å snekra senger. Og dei sengene var fine og solide. Fantastisk handtverk med utskjeringar og det heile. Fengselet er overbefolka i same grad som det vi ser frå fengsla på Filippinene. Og med det rettssystemet dei har i Bolivia, er mange av dei uskuldige også.
Felix starta ut med å forkynna om Jesus og kvifor vi treng Jesus. Eg fortsette der han slapp og snakka om Jesus som dei einaste håpet vi har for dette livet og for evigheten. På frelsesinvitasjonen var det hundrevis som stod opp og tok imot frelse i Jesus Kristus. No treng dei alle Guds ord og hjelp til å kjenna Gud gjennom hans ord. Dei treng vår forbønn om at dei som arbeider i fengsla skal få gitt dei vidare undervisning ut frå Guds ord.
Fantastiske nyheter Norleif!
SvarSlett