Om ein månad, skal vi etter planen, ha landa i Cochabamba, Bolivia. Forventninga stig hos teamet som skal vera med, men også hjå meg sjølv. Saman med dei som leier arbeidet i Bolivia, er vi med i utforminga av programmet for dei tre vekene. Vi skal besøkja og dela Guds ord i familiar, i forsamlingar, forkynna evangeliet til menneske på gatene og i institusjonar. Dørene ser ut til å opna seg for arbeid i fengsla og på sjukehus. Vi planlegg å reisa til landsbyar oppe i fjella for å gje evangeliet og materiell hjelp til dei som treng det.
Ein dag fekk eg ei melding frå Bolivia, om at vi kunne få vera med inn på eit barnesjukehus og be for barn som har kreft. Då eg las meldinga tidleg ein morgon, la eg den ut på ei gruppe som vi har på facebook, vi som skal avgarde. Idag var studentane her i heimen vår, det vi seia dei som ikkje alt har reist til Filippinene. Ei av jentene fortalde at ho hadde hatt ein draum. Ho drøymde at ho heldt eit barn i armane sine, eit barn som hadde kreft og bad for dette barnet. Då ho vakna om morgonen såg ho meldinga eg hadde lagt ut på facebook. Då ho fortalde dette til tre av oss andre i teamet idag, ropa vi på Rebekka. Ho er også med på teamet som skal reisa. "Rebekka, du må høyra draumen som Jeannette har hatt". Då ho høyrde draumen, tok ho nesten fyr. For same natta hadde ho drøymt akkurat det same, og sett meldinga då ho stod opp, ho også. Då blir det veldig viktig for oss å be for desse sjuke barna, alt no. For Gud vil gjera under for dei.
Pengar som vi gav i fjor til dei som arbeider i fengsla, vart brukte godt. Dei fekk kjøpa 5000 biblar frå Peru for mindre enn 5000 norske kroner. Under ei krone stykket. Mange av desse biblane har alt kome i flittig bruk mellom innsette unge kriminelle, som kvar veke kjem saman til gudsteneste og bibelstudium. I takksemd for pengane ville dei gje oss tilbake tre kassar med bibelar til bruk i evangeliseringa vår, når vi kjem.
Det er så fantastisk kjekt å tena Gud i Bolivia. Det skjer så mange underfulle ting. Dører opnar seg over alt, og vi kjenner berre på ei sterk forventning til Gud.
Gjennom heile skuleåret har studentane våre fått høyra historier frå tidlegare år. Det hender at eg har tenkt på om eg kanskje ufrivillig har skapt froventningar i dei, som eg sjølvsagt ikkje kan garantera for vil skje igjen. Meininga har alltid vore å vitna om kva Gud kan gjera og skapa tru i dei. Det har truleg lukkast, slik det ser ut. Men no kjenner eg at Gud berre legg ny forventning og fornya tru ned i oss til kva han er i stand til å bruka oss til. Vi må berre audmjuka oss framfor Herren, festa blikket på han og ta steg ut i nytt og friskt landskap.
Til alle som ber - be for oss, at ingenting av det som Herren har sett seg føre, skal falla dødt til jorda, men at vi skal makta å stå i alt saman i tru, i samhald, i Guds vern og omsorg og i kjærleik til Gud og folket.
👍🙏
SvarSlettHa ein velsigna tur!😃🙏
SvarSlett