Alejandro og søstera Roberta, delte om korleis dei opplevde tida for rundt 16 år sidan, då Alejandro fall ned frå stillaset etter å ha kome bort i ein høgspentleidning og brakk ryggen. Etter at faren hadde forlatt dei alle, var han den som måtte forsørga familien. Livet for heile familien såg mørkt ut.
Han låg på sjukehuset og trudde det var ei stor misforståing, då kvite folk kom inn for å beøkja han, folk han aldri hadde sett før og som såg ut til å vera frå eit anna land. No, mange år etterpå, vitnar han om korleis desse famande folka brydde seg om han, korleis dei har hjelpt han og familien med praktiske ting i livet, økonomisk støtte til å få forhold mellom dei små og fattigslege husa i betre orden, slik at han kan koma seg litt fram og tilbake i rullestolen han også har fått frå den nye familien sin. Han fekk ta imot Jesus ved at David og Violeta besøkte han og gjekk gjennom disippeltreningskurset MC med han. Idag er han onkel til fleire, har sin eigen butikk i soverommet sitt, berre med eit forheng mellom senga og butikken. Konkurransen vert stor under pandemien, då alle vart arbeidsledige og alle starta same butikk som Alejandro hadde. Så han skifta brus og snacks og litt bakarvarer ut med skulemateriell. Siste året har det gått betre. Vi har kvart år med gaver frå Norge, enten frå offer i menigheten eller frå privatpersonar.
Familien forklarte for oss i dag korleis dei gler seg heile året til den dagen då vi kjem på besøk. Niesa Rubina (14) lurer på om Marte hugsar ho. Marte var på besøk der fleire gonger, og dei to fekk eit nært forhold. Dei påfølgjande åra venta ho at Marte skulle vera med kvar gong vi kom. Tilslutt måtte eg senda melding på førehand om at det berre var meg frå vår familie og at Marte ikkje var med. Sjølv om ho visste dette, vart ho like skuffa kvar gong. Vi hadde ei fantastisk stund saman med dei i bønn. Gud gjorde store ting for dei idag, men vi har endå ikkje sett at han har fått kraft i føtene igjen. Vi lever i trua på at det skal skje. Eit viktig ord for meg, når det kom til å be for han igjen, var ordet som Arne hadde som tema under påskefesten: "Ein gong til".
I kveld er det samling for menn i menigheten her. Både Benjamin og Adrian skal dela Guds ord. Korleis det går, får vi ta med i rapporten i morgon.
Kjekt å høre at det går bra med Alejandro og familien! Lykke til videre!🙏😃
SvarSlett