Utan å påstå at eg ein gong er i nærleiken av å vera ekspert på området, trur eg likevel at eg har litt erfaring som gjer at eg kan ha tankar om korleis det er å forkynna evangeliet til menneske i område som er ulike frå kvarandre - og då spesielt by-og bynære område kontra bygder på Vestlandet.
Det er i utgangspunktet greitt å forstå at vi lever i eit samfunn der det har blitt ein meir eller mindre skriven regel, at du kan tru kva du vil, så lenge du heldt kjeft om det. Det har blitt like i nærleiken av overgrep mot menneske å læra dei sanninga om bibelens Gud, mens det er like i nærleiken av lovpålagt å påtvinga alle eit verdsbilete der Gud ikkje fins. Vi som har møtt Jesus og lever i relasjonen til han kvar dag, kjenner oss likevel sterke fordi vi ser korleis ein levande Gud kallar menneske til den livsmeining han som skapar har til alle, og at det er kraft nok i evangeliet til å gje dei nytt liv.
Det å starta ei forsamling, skulle alltid starta med å forkynna evangeliet til menneske som ikkje kjenner Gud, ikkje samla kristne frå samanhengar som alt fins. Om ein skal gjera dette må ein gå fram slik at ein får godt vitnemål i samfunnet ein vil nå. Dei fleste set pris på ærlegdom, det at vi er opne og gjennomsiktige, det at vi byr på oss sjølve og er ekte i alt. Tilgjort og svevande oppførsel blir avslørt, og får som fortent.
Alle kulturar har ting ved seg, ting som gjer arbeidet lett og ting som gjer det vanskeleg. På same måten som bykulturen, har bygdekulturen både negative og positive sider å tilby. I bygdekulturen lever det nok mange stader eit bygdedyr, men eg trur mange vil finna at den opne og direkte rett-fram-kulturen vil vera lettare å arbeida i enn ikkje-kom-innafor-hekken-min-kulturen som rår i mange godt etablerte byområde.
Vi bur på ei misjonsmark, der behovet for kristen misjon er stort. Uansett kor hen vi skal arbeida vil vi ha ting å forsaka, ein kross å bera og ein Herre å følgja. Sosial og økonomisk tryggleik der alt rundt oss er tilrettelagt for eit lettvint liv, har sin pris det óg. Kanskje den største prisen, når alt kjem til alt, er at vi ikkje får gjort noko fordi vi er eigd av alt det lettvinte. Å forsaka for å oppnå resultat, er velkjend i idretten. Altfor ofte har vi som kristne forsaka deler av pionerkallet for eit lettvint liv, meg sjølv inkludert.
Det er ein heilt naturleg strategi i vår tenkjing å satsa på byane. Det er mange gode grunnar til at det er slik og bør vera slik. Men satsinga på byane blir likevel aldri rikare på suksess enn den satsinga vi har på misjonsoppdraget. Bygdene er det få eller ingen som satsar på. Ikkje er der ladestasjon for El-bil, det er berre ein nærbutikk, ein gamleheim, ein skule og kanskje berre fem tusen menneske i heile kommunen som aldri vil få høyra evangeliet fordi dei bur på landsbygda og fordi den Store forsamlinga ikkje forkynner evangeliet lenger.
I byane er det forsamlingar i alle variantar, medan det i fleire kommunar langs kysten ikkje fins ei einaste fri forsamling. Folk som bur i byane har for lengst blitt vane med ein variasjon i uttrykket av kristne forsamlingar, og mange av desse står trufast saman i arbeidet som eitt uttrykk for Guds folk i byen. Kjem ein tilstrekkeleg langt ut på landsbygda, er det framleis slik det var i byane for over femti år sidan, at alt nytt arbeid utanom den Den norske kyrkja, får sekt-stempel og blir anklaga for å splitta kristenfolket, uansett om dei aldri snakkar med ein kyrkjegjengar.
Eg snakka med ein kristen person, busett på ei øy som ligg timesvis frå byen. Han peika ut for meg husa der andre kristne budde som han trudde ville vera interessert i det eg hadde å sei og som han difor meinte eg burde gå til. Så peika han ut hus der det budde folk som ikkje var interessert og der det ville vera bortkasta for meg å gå.
Det han sa var opplagt meint å vera meg til hjelp, men Jesus meinte no at det var dei sjuke som trong lækjar, ikkje dei friske. Eg takka for opplysningane og held fast på kallet om å gå med Godt Nytt til dei som treng det, ikkje dei som alt har fått det.
Eg har eit mål om å gjera unge kristne menneske med litt guts for misjon, glad i landsbygdene langs kysten. Der kan dei oppleva folk som er seg sjølve på godt og vondt, og oppleva at det er mykje meir godt enn vondt. Der kan dei finna det naturlege i det å vera naturleg og fridomen i å tala fritt og rett. Der kan dei lytta til folk sine tankar og meiningar og sjølve bli lytta til.
Og kven veit om dei ikkje finn ein fredens heim med open dør og sofa med plass til mange.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar