Første besøket vi gjorde i går, var hos Alejandro. Det var godt å besøkja han og familien. På bildet er det mor hans til venstre. Søstrene og tantebarnet Rubina var der også.
Familien er no med i ein menighet i landsbyen. Dei trivest godt, og det er lett å merka at dei er kopla på Gud. Som vanleg sameina vi trua vår og bad for Alejandro, utan at eg vil gå inn på dette nærare her. Vi lever alle i trua på at fjorten og eit halvt år i rullestol, snart skal vera over. For Gud er ingenting umulig. Det har vi sett mange eksempel på under turen og tusen eksempel på før.
Etterpå var vi heime hjå Gabo og Becky saman med Kevin som leier heile lovsangsarbeidet i menigheten. Nivået på lovsangen og tilbedelsen er fantastisk. Guds nåde og salving er over dei. Audmjuke menneske som Kevin, Gabo og Becky, opnar dører for dei også til andre land i Sør-Amerika og til andre byar i Bolivia. Kevin har ansvar for lovsangsarbeidet under ein stor ungdomskonferanse som skal vera i Sucre, Bolivia om ei stund. Gabo og Becky blir med oss til La Paz i morgon, men reiser vidare derifrå til Peru når vi reiser heim.Siste besøket vi gjorde i går var middagsbesøk hos Luis og Kathrin. Dei har ansvar for eit hjelpearbeid retta mot dei som slit med dårleg økonomi på grunn av arbeidsløyse. Det er framleis ein del slike etter at pandemien gjorde mange arbeidslause. Det er vanskeleg å få seg arbeid i Cochabamba no. Og utan arbeid, er det heller ingen inntekt. Difor er det litt som i det første kristne forsamling, at brør og søstre hjelper kvarandre med livsnødvendige ting som basis matvarer.
Det var Miriam, kona til Pastor Jacobo som starta denne hjelpetenesta. Miriam gjekk heim til Herren under pandemien, men andre har tatt over. Jacobo er onkelen til Luis og var også med oss i besøket.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar