I går kveld klokka 20:00 landa vi i Cochabamba, ca 33 timar etter at vi reiste frå Flesland. Etter strevsame og lange flyturar med tresmak både her og der, er det fantastisk å møta gode venner, varm velkomst og tilslutt på dagen, finna ei god seng å krypa ned i.
I dag har vi så langt gått gjennom programmet for opphaldet her og gått litt igjennom fordeling av ulike oppgaver i ulike forsamlingar her borte. Dei to unge frå bibelskulen viser sine kvalitetar på alle område. Om eit par timar frå no, skal eg møta politimannen Felix, kona hans og Priscilla som leier arbeidet i fengsla. Dei kjem hit og vi skal sjå på planane for fengselsarbeidet. Eg veit ikkje så veldig mykje, men eg veit at i morgon kveld skal vi ha eit evangelistisk møte for 400 innsette i eit av fengsla her i Cochabamba. Gruppa skal delast i to. Eg og Felix skal forkynna for 200 kvar.
På føremiddagen er det planlagt at vi skal heim til to stykker som er alvorleg sjuke. Den eine er ei jente på 16 år og har kreft i seine stadier. Hjelp oss i bønn for desse to. Vi veit at "He preserves the lives of his saints and delivers them from the wicked" (Sal 97:10)
Men alt dette er i morgon. I dag er det på ein måte ein førebuingsdag der vi søkjer Gud og går gjennom det som ligg framfor oss. Men i kveld er det samling for unge vaksne Der skal Ijob forkynna Guds ord. Det ser vi fram til.
Vi treng alltid forbønn. Og eg er takksam for at Gud høyrer alle bønner frå sine barn. Vi er ikkje her på eigne vegne, men som representantar for Guds familie i ein større samanheng.
Ny rapport følgjer!
🙏❤️
SvarSlett